lørdag 25. desember 2010

19 til bords!

Eg har kort og godt berre verdens beste familie! Dei beste foreldra, kjekkaste søskena, hyggeligaste svigersøskena og herligste tanteungane ein kan tenke seg! Det er ingenting å diskutere!
Og i dag har vi vore samla, heile gjengen!

Det er ingen spøk. Vi har no komt opp til 19 i talet, og no har alle blitt så store at dei må ha eigen plass - det går ikkje lenger å rekne ein halv plass. Så då må ein ut og låne eit ekstra bord, og eit par, fem ekstra stolar..

Far er klar for mat...

Og så begynner folka å komme og. Eg trur ikkje vi nokon gong har greidd å starte ein familiemiddag presis, det er alltid nokon som er forsinka, nokon som er for tidlig, og kanskje nokon som er ca. presis.. så det startar oftast med litt oppvarming for dei unge (til sinns). I  dag starta vi med Mexican Train game..

Mexican Train game!


Dominobrikker kan brukast til så mangt..

rett etter "bordskjelvet"


Så, når alle er komt er det mat - og det som står på menyen når vår familie samlas i jula, er kalkun. Ikkje mindre enn 14 kg med kalkun og to store skåler med waldorfsalat kom på bordet. (i tillegg til saus og poteter) Og det skorta ikkje på desserten heller - valget stod mellom: multe, blåbær, jordbær eller fersken, med krem og småkaker. Det mangla ikkje på at vi var mette då vi tok ei pause til lesing av julehefter eller å spele gruble..

Kor e Knoll og Tott?


Middagskvild


Og så er det klart for kake og kaffe igjen!

Rydde plass til kake


Kusiner

søskenkjærlighet
Eg digga familien min, det er herlig å vere i lag med alle ein heil dag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar