søndag 5. desember 2010

Ein laurdag, to konsertar og eit færøyisk radiointervju

Lindbjørg og co hadde pynta heilt nydelig!
Julekonsert med Seraf er noko av det kjekkaste, men og mest slitsomme som finns.
Det er mange som skal organiserast, og det kan fort bli ein del venting. Men i år gjekk det utrulig glatt i forhold til vanlig - eg trur det var fordi nokre hadde gjort ein kanonflott jobb i forkant!

Eg trur folk som kom fekk ein god opplevelse. Av og til lurer eg litt på korleis det er å sitte i salen på ein Serafkonsert, for eg har aldri prøvd det.. Så her kjem eit lite innblikk i korleis ein Serafkonsert er gjennom mi linse.

Det er alltid litt kaotisk...

En fiolinist kan brukast til så mangt - f.eks. å fikse englevinger..

Styreleder prøvar å sjå avslappa og cool ut rett før generalprøven

våre supre billettselgere gjer seg klar

Bakerste rekke har det fint! Sjekk hårpynten! Her er det julestemning!

Vår fantastiske bassist! 
(eg greidde visst ikkje ta bildet av bandet i seg sjøl, men eg trur dei har greidd å komme med på bildene sånn innimellom alle andre.. uansett: bandet var heilt fantastisk i år! (som tidligare år) DIGGAR DEI! og yngstemann går i 10.klasse! Det er kult at han vil spele med oss "gamlingar"!!)

Det er alltid nokon som gjern noko som kanskje
ikkje ville gått gjennom hos arbeidstilsynet!

Sopranos..

Backstage: siste gjennomkjøring. 

Backstage: Siste finish
og nokre berre finne roen..

To av det fantastiske bandet i lyset.

tre småslitne serafer i en sofa
Og etter konserten enda eg i fyllingsdalen for å sjå ein film.. det vart ein litt for tung film, men eg fekk med meg at Are vart intervjua på Færøysk radio - han har nemlig oversatt ein færøyisk sang til norsk - og denne avslutta vi konserten med. (den er fantastisk fin!) Så no kjenner eg ein kjendis på Færøyane! 

En stjerne skinner så klart bak radiointervjuobjektet.
Det hadde kanskje vore gøy å sitte i salen og høyre og sjå ein Seraf-julekonsert, men eg trur ikkje eg er klar for det endå. Sjøl om det kjennes på kroppen at eg stod, i sko med hæl på i mange timar i går. Dette er altfor kjekt å vere med på - og altfor kjekke folk å vere med på det i lag med!


1 kommentar:

  1. Fantastiske bilder, og et godt innblikk i en innholdsrik dag! :) Flott at du deler det som du gjør, Liv-Helga!

    SvarSlett