lørdag 25. desember 2010

Julefred og julemat

Då er julemiddagen eten, og dytta ned med både dessert og eit lass med kake. Til og med delfiakake har eg smakt på i dag, og eg kjenner at det kan bli hardt å få sove så mett som eg er! Pakkane er åpna, og alle virka godt fornøgde i år og. Eg sitte her åleine, nesten i mørket, og kjenner på at freden har inntatt kroppen..


Det har vore ein innholdsrik dag. Fyrst var vi på Bryggja og leika julenissar. Der bur då yngste bror min med familie. Han har to nydelige jenter. Dei var veldig opptekne då vi kom - med å sjå "Reisen til julestjernen"- det er det eg kallar fin juletradisjon, så eg sette meg ned og var opptatt i lag med dei!



Etter kvart vart det kjekt å leike fotomodell også

Sjå opp då tante!

Klatremus!

Og som seg hør og bør på ei julaft, så var det litt sukkerholdige saker ute og gikk...



Og så var det tid for å komme seg heim igjen og gå i kyrkja, slik vi brukar å gjere, medan pinnekjøt og pølse (eg likar ikkje pinnekjøt, og får difor dampepølse i staden) fekk stå og dampe på komfyren.
Eg elskar lukta som vi møter i gangen når vi kjem inn frå gudsteneste, for sjølv om eg ikkje likar pinnekjøt, så er lukta herleg - i allefall på julafta.

Eg, mamma og pappa åt middag i lag, før det var tid for pakkefest hos søsteren. Det er ikkje fritt for at det blir nokre gåver når det er 5 ungar, foreldre, besteforeldre og ei tante..

Nokre pakkar - og i hjørnet står bursdagsbarnet vårt!

Og så var det kake og kaffe, og her tok eg stykket med delfiakake.. Eg var veldig glad i det då eg var liten, men så delte eg og søsteren ei heil kake mellom oss - og åt det på ein gong. Etter dette har eg hatt eit noko anstrengt forhold til denne kaka med meir fett enn sjokolade (omtrent), men eg må alltid smake..

Og no kjenner eg at julefreden er komen. Men den blir nok ikkje lenge. I morgon er det familiemiddag, og etter sigende skal ALLE komme. Det betyr at vi minst blir 19 til bords. Og det er kalkun som står på menyen! Eg gledar meg allerede, sjølv om eg er overmåte mett!

1 kommentar:

  1. I den delfia-kaka du fekk va d dobbelt so mykje sjokolade som feitt :) berre sånn du veit d.. :P

    SvarSlett