søndag 12. desember 2010

Let's get physical...

Det nærmar seg jul, og vi er opptatt av å finne den rette gåva til folk. Vi stressar rundt for å finne ting som kan fylle husa, til folk som allereie har nok av materielle ting..
Men ofte kan det vere manko på det som er viktig - omsorg frå menneska rundt deg.


Alle som kjenner meg veit at eg lika å bli klemma på og det skal sjelden meir til for å gjere meg happy! Kanskje er eg litt enkel, men slik er det no ein gong!
Kanskje skulle du gje ein klem til nokon som treng det i dag?
Eller eit klapp på skuldra til nokon som har gjort ein god jobb?

Eg veit at det finnes dei som ikkje likar klemmar, og det skal ein ha veldig respekt for. Det er som regel gode grunnar for slikt. Men eg trur vi alle treng fysisk kontakt med andre menneske. Dei som har greie på slikt seier at ein baby ville døy om han(eller ho) ikkje fekk fysisk kontakt.

Og eg er stor tilhengar av klemmar, så alle er hjertelig velkommen til å gje meg ein eller ti! ;)
Eg lika best dei klemmane som blir gitt med heile kroppen om de forstår kva eg meinar, eg knekke ikkje om nokon tek rundt meg. Og gutter: sjeggstubbar gjer INGENTING! Det er faktisk berre sjarmerande... Men dette er MITT synspunkt på saka, eg veit at ikkje alle av mitt kjønn deler mi oppfatning om den saka...

Men poenget er: kanskje skal vi sette ned tempoet på julegåveshoppinga, og sjå oss litt rundt og heller ta ein time på kafè med nokon ein ikkje har sett på lenge, ta ein telefon til ei gammal tante, sende kort som ikkje er masseprodusert, kjøpe ein kopp kakao til nokon som frys eller gje ein klem?

1 kommentar:

  1. Akkurat slik meinar eg óg det, men får ikkje sagt det på ein so bra måte.
    Juleindustrien tek knekk på jula mi. Eg vil ha det roleg før og under.
    At dei ekte verdiane skal kome fram.
    Det eg ynsjer meg til jul, e at tantungane mine skal ringje sjølv (til meg og/eller besteforeldra sine) nokre gongar i året og fortelje korleis dei har det. Elles kan det vere det samme. Eg e ikkje so opptekja av presangar lengre ..
    Dessutan e jo ein klem med heile kroppen godt å motta ; )

    Fin blogg, Liv Helga : )

    Audhild

    SvarSlett