søndag 19. desember 2010

Adventsfest med juletregang..

Eg har vore på ein kjekk fest i kveld. Hildegunn og hennar sambuarar åpna dørene, til gløgg, graut med mandel i, julesangtegnekonkurranse og godt selskap.
Det var rett og slett veldig trivelig, og eg hadde ikkje med meg kameraet - så det vart ikkje tatt noko bilder.

Det var sååå koselig i stova der i kveld. Og dei hadde juletre som var så vakkert pynta at eg BURDE ha tatt bilde av det.. slik vart det ikkje, men eg filma ein ting..



Dei som kjenner meg etter gammalt vil kanskje tenke at dette er ein rar ting å filme for meg.
Eg likar nemlig ikkje å gå rundt juletreet.
Som de ser på filmen er dette veldig koselig (sjølv om det var så mørkt at det ser ut som ei dagsrevyreportasje der ein skal anonymisere folk), og eg nektar ikkje for det.
Eg taklar heilt fint å sjå andre gå rundt juletreet, ja, eg kan til og med synge med på sangane uten at det gjer meg noko. Men sjølve gangen.. nei, den kan du ha for meg!

Eg har fundert litt på kvifor det er slik, for då eg var liten syns eg det å gå rundt juletreet var noko av det kjekkaste som var på julefestar. (på julafta heime var det ikkje så kjekt, for då venta eg på pakkane..)
Og eg har komt fram til at "julefest" er ordet som best oppsummerer kvifor eg mislikar det.

Frå eg var 12-13 år til eg var 19 var eg rundt omkring og sang på ulike julefestar nesten kvar dag i romjula. Og kvar fest hadde same innhold, fellessang, tale, solosang, gjerne nokre innslag av morsom art eller diktlesning. Og så var det juletregang. Sjølvsagt måtte eg vere med på det!

Etterkvart syns eg heile julefestane var lite kjekke! Ein eller to i romjula hadde nok vore ok, men når du får minst 5 av typen kvart år, så...
Og difor likar ikkje Liv-Helga juletregang. (eller julefestar egentlig.)

Men eg syns det var storveis å få vere med på adventsfest, og sjå på dei andre som gikk rundt juletreet! Så kanskje, ein gong i framtida, kjem eg til å forsone meg med juletregangen og julefestane og?

2 kommentarer:

  1. For det første tante, so må du komme deg i seng tiligare!Rart du e sliten???! =)
    For det andre tante, so e d ingen som tvinge deg til å gå rundt juletredet!
    For det tredje tante, so hadde du kanskje kosa deg viss du kom på julefesta! =) so d so
    Og om nødvendig so kan vi kalle d for nåke anna enn julefest/juletrefest, viss d e d som ska t for at du kjeme :P

    SvarSlett
  2. Hehe, veldig bra kommentar! Du får passe på at tanten din får mye søvn i julen. Vi er visst ikke så flinke å hjelpe hennne med det :)

    Ingelin

    SvarSlett