lørdag 16. oktober 2010

Om mamma, kjøleskap, magisk slange, sjølvlysande baller og gode venner

Dei siste dagane har vore utfordrande for å seie det på ein fin måte.

Mamma og meg, riktig nok for eit par ti-år sidan...

Mamma fikk hjarteinfarkt på torsdag, kom til Haukeland og vart operert i går. Det tærer på i det vanlige, og blir ekstra tøft når det er knappe veker sidan tante døde. Heile familien har vore på tråden, og det er mykje som må organiserast og ordnast når slikt skjer. Og det "vanlige" livet må jo gå sin gang også.

Eg er jo kjempeglad i både mamma, pappa og søskena mine, og vil gjerne stille opp på alle mulige måtar. Men det er ein del ting ein ikkje kan gjere noko med, så i går var eg ute og kjøpte meg kjøleskap medan operasjonen pågjekk. Det gjekk ikkje å jobbe då likevel, så det var like greit.

Are har fin bil med takluke!

Min gode venn Are var med, og vi hadde ein fin formiddag med el-butikkrunde, utilsikta pruting og endelig eit kjøp. Det var veldig fasinerande korleis servicemedarbeidarane konsekvent henvendte seg til Are, og lurte på kva VI tenkte på... Sjølv etter at han presiserte at det var eg som skulle ha kjøleskapet..

Men det var veldig trygt og godt å ha han med, for eg var ein smule distrahert på grunn av omstendighetene, og kunne ha enda opp med kva som helst... På heimvegen var vi innom butikken for gutter med mange penger, og der såg eg ein gul bil som berre MÅTTE takast bilde av!

GUL BIL!

Etter dette gjekk vi og åt middag medan eg venta på beskjed om korleis operasjonen hadde gått. Det vart jammen biff og dessert på ein fredag ettermiddag, men godt var det.
Og då begynte vi å snakke om ein ting eg møtte i helga, som eg ikkje hadde sett på ca.15-20 år.
Magic snake....

En kan lage ball av det...





Dette førte oss ut på ei jakt etter dette vidunderlige leiketøyet som vi har tilbrakt timar med i barndommen.. og plutselig fekk eg sjå nye sider av Are..



Så kom beskjeden om at operasjonen hadde gått fint og at eg kunne fare opp på besøk. Eg likar ikkje sjukehus, og det er skremmande å sjå menneske du er glad i ligge der i sjukesenga, sjølv om du ser at formen er stigande og alt ser ut til at det blir heilt bra. Og då er det godt å ha gode vener ein kan senke skuldrane, sløve på sofaen, sjå på tv, leike og le saman med.
På vei til Ingelin måtte eg berre teste kameraet, og ta eit bilde av
Løvstakken by night.

..og Tveitevannet. Det er månen, men, eg fikk den ikkje heilt skarp...
Skuldar på utstyret...



En magisk kobra-slange
Magisk brille-slange?
Are leikar med sine sjølvlysande baller....


Rune leikar med Are sine sjølvlysande
ballar...
Det var plutselig litt kaldt.. så då fann samejenta vår reinskinnet..

Rein-lykke for søringen

ja....
Kjenner det er ganske utmattande alt som har stått på, men det er utrulig godt at alt har gått bra. Og eg har fått sjå at eg har mange gode venner som er parat til å stille opp for meg, og det er ei sann velsigning! Eg er utrulig takknemlig og glad for alle tekstmeldingar, telefonar og tilbud som har komt, sjølv om eg kanskje ikkje greier å uttrykke det heilt endå.

4 kommentarer:

  1. Godt å lese, sjå og vite venen! Tankane og bønene har vore mange - retta mot dykk desse dagane! Gud er med og gir styrke, mot og glede også i tunge oppoverbakkar!
    OG Gule bilar - verdt å ta bilete av!
    Får me bilete av kjøleskåpet og?? kjem og tester det ut ein dag!!! god klem kari anne

    SvarSlett
  2. Ei legge merke til at du ikkje nevner dei fantastiske tante-ungane dine blandt dei du e gla i... Ei rekna då me at det vi è so sjølvsagde at vi ikkje trenge nemnast ;)
    Flott innlegg tante :)
    (reknakje me at ei trenge skrive kem ei e... :P)

    SvarSlett
  3. Ja, la det være klart: Eg elska alle tanteungane mine meir enn alt på jord! Men... eg har ti å ta av, so kem du e, e eg søren ikkje sikker på... Men eg e heilt sikker på at eg e gla i deg uansett! <3<3<3

    SvarSlett
  4. du kan kanskje utelukke 2-3 stykke då, sida dei ikkje er dei mest aktive på internett enda :D men du ska få lure litt t på kem d e ja ;P

    SvarSlett