torsdag 1. november 2012

Når det stormer..

Ein må jo ha vore i dvale om ein ikkje har fått med seg
kva som har foregått over dammen denne veka.
Sandy, ein monsterorkan,
har sett millionbyen ut av spel, 
og bildene av herjingane har vore mange.
Men det er ikkje berre i New York herjingane har vore store,
fleire statar og land langsetter austkysten 
har fått smake stormen.


Og eg har jo då altså vakse opp på Stadt,
"den yderste, nøgne halvø" mot det ville havet.
Både meterologar og vêrdamer nemner plassen hyppig
når dei melder om kuling, bris, storm og orkan.
Eg er ikkje så god på vindretningar eller styrke
(eg må stadig slå opp Beauforts skala på Wikipedia),
men eg har vakse opp med stor respekt for vind og hav.
"Havet gir, og havet tar" har vore noko eg har høyrt frå eg var liten,
og det er noko eg har fått erfare på forholdsvis nært hold.
Difor kjenner eg at eg blir dårleg når eg ser bilder av folk som 
bevegar seg ut på moloar og liknande, 
når bølgene er meterhøge og skumtoppane driv, 
berre for å få betre utsikt til naturkreftene.


Mange av bileta eg har sett siste veka, 
og nokre erfaringar eg har gjort meg i mitt stille, vesle liv, 
har fått meg til å tenke på kor viktig oppdragelse og fundament er.
Dei materielle skadane er omfattande i dei områda der gode fundament er lagt,
men det er rimelig greitt å rydde opp igjen etter herjingane.
(sjølv om det i mange tilfelle kan vere ein solid dose arbeid som må til.)
Der fundamentet har vore dårleg, er raseringane ofte så ille 
at ein må rive alt for å bygge opp igjen.
Når ein er oppdratt til å ha respekt for havet,
og ryggmargsrefleksen er å springe vekk når bølgene vert høge 
eller sjøen forsvinn langt ut, 
så kan det vere ein livreddande refleks.


Eg trur dette gjeld i liva våre og.
Oppdragelsen vår gjer at vi får nokre ryggmargsrefleksar
som er både gode og dårlege.
Verdiane og haldningane vi har 
legg grunnlaget for korleis vi opptrer når stormen inntar liva våre.
Difor trur eg det er viktig å gje born og unge som veks opp
gode verdiar, hjelp til å ta valg som gjev gode konsekvensar
og nokre ryggmargsrefleksar som gjev tryggleik når livet buttar i mot.
Vi treng alle å vere trygg på vår eigen verdi, andre sin verdi 
og å sjå samanhengen mellom liva våre.

Usminka
I går kveld var eg på Mary Kay party.
Det var veldig kjekt å vere på der, 
spesielt fordi det var ein kveld med gode venninner,
men samtidig er slike party ein plass 
der du blir ekstra obs på dine svakheter.
Rynkene som det stadig blir fleire av,
stadig dårligare fleksibilitet i huda
og for ikkje å snakke om dei enorme porane..
Eg likar sminke, 
eg likar å pynte meg 
og eg likar at det finnes produkt som kan hjelpe..
i allefall innanfor visse grenser.


Men i dag tidleg sov eg eit kvarter lenger enn eg burde.
Det resulterte i at eg måtte hive sminka i veska
og springe usminka ut i kvardagen.
Eg skulle til Bømlo og hadde ei ferge å rekke.
Eg kunne jo sminke meg på ferga var tanken,
men det eg ikkje hadde tenkt på var 
at eg måtte sjå billettmannen i augene før eg fekk køyre ombord...
Og eg sat der og følte meg som eit takras, 
berre fordi eg mangla kaja, mascara og litt anna stæsj..

Med sminke.. 
Sminke er berre ein ting som kan pynte på virkeligheta,
og skjule sanninga.. (men takk og lov for at det finnes!)
Men det finnes mange andre ting som sminkar liva våre, 
og som gjev glatte, grunne verdiar
som ikkje gjev noko godt fundament i livet.
Som gjer steinane på livsvegen sleipe,
slik at fallet kan bli mykje styggare når stormen kjem.

Eg trur på ein som har sagt at 
min verdi ikkje blir bestemt kva 
menneske, media eller andre jordiske ting
seier at den er.
Min verdi er umåleleg i menneskeleg målestokk
fordi Han har skapt meg, 
akkurat slik som eg er.
Eg trur han har skapt deg og,
og din verdi er akkurat like høg som min,
uansett kven du måtte vere og kva du måtte ha gjort
Det er udiskutabelt.
Og min verdi er uforandra om eg legg på meg eller slankar meg,
om eg er usminka eller sota rundt augene, 
om eg er frisk og rask
eller om eg skulle bli alvorleg sjuk og
mistar ein eller mange kroppsfunksjonar.

Stor dopapirvisdom!
Han seier og at uansett kva som skjer med meg, 
så vil han holde mi verd i si hand, 
Han har omsorg for meg og mitt liv, 
Han vil gå med meg både på dei gode og på dei vonde dagane.
Dette seier Han til alle menneske,
og difor skal eg ha omsorg for andre og meg sjølv
og eg skal behandle både meg sjølv og andre med respekt.

Eg trur dette er gode verdiar og haldningar å bygge livet på,
dei har holdt gjennom nokre stormar i mitt liv til no, 
eg trur dei vil halde i mange fleire.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar