mandag 19. november 2012

Henrik VIII og teologien

Serien The Tudors som har gått på NRK vart nemnd i ei bisetning i lunsjen ein dag.
Og eg vart nysgjerrig, så eg fann ut at eg måtte sjå den.
Den har avslørt kor nerdete eg egentlig er, her er ein serie fylt av kostymer, drama, intriger og sex
 og her sat eg og var heilt oppslukt av skilsmissa mellom den anglikanske og den katolske kyrkja.

Henrik VIII i ein garantert betre versjon enn han var i virkeligheta
(Bilde henta frå internett.)
Til no hadde dette vore ei skilsmisse som eg hadde lest om, og som eg hadde eit veldig klart bilete av takka vere ein engasjert lærar på kristendom grunnfag som fortalde så levande
om Henrik VIII sine ekteskapsproblem.
Men likevel hadde det i mitt hovud vore så utruleg enkelt:
Henrik VIII var misfornøgd med kona, han ville skilje seg men paven ville ikkje gje han lov på grunn av keiser Karl V som var kona sin nevø. Så derfor laga han si nye kyrkje, og skilde lag med Roma.


Sjølvsagt har eg lest at dette tok nokre år, for greia var jo ikkje at paven sa rett ut at han ikkje fekk skilsmisse, men drøya med å svare for å sleppe å ryke uklar med keisaren.. men det er liksom noko anna å sjå dette med ansikt knytta til det. Der ein ser korleis kongen makkar og vrir seg for å få viljen sin, den unge Ann som ventar og held han på pinebenken medan Katarina av Aragon kjempar for ekteskapet sitt, så blir det ei heilt anna sak enn nokre linje i kyrkjehistorieboka.
Og prosessen denne reformasjonen var blir mykje tydelegare..


Og det slo meg kor lik eg er den godeste kong Henrik VIII.
For når Henrik ikkje får viljen sin, 
så tek han bibelordet som passar for å få den.
Når han skal argumentere for at han må få skilsmisse frå Katarina, 
så brukar han Bibelen mot Roma, og når Roma ikkje vil høyre på han, 
ja, då får Roma berre ha det så godt.
Og vidare utover i denne serien så får vi sjå korleis 
Henrik vrir og vender på Guds ord til sin fordel. 
Og hovuda rullar...

(bilde frå internett)

Ingen nektar på at kyrkja har gjort mange feil opp igjennom tidene.
Avlatshandel og heksebrenning er noko av det som har vore gjort gale.
Og lista er mykje lenger. 
Mange synder har vorte begått med Jesus namn som alibi.
Men felles for det som har vorte gjort 
er at det er menneske som står bak.
Menneske med frykt, menneske med makt, 
menneske med begjær etter å bli store, 
menneske som ikkje veit betre, menneske som burde visste betre, 
menneske som jagar etter sanning - 
og lar seg forføre av sanning som er menneskeskapt, 
menneske som trur dei er som Gud..


Felles for det som har vorte gjort er at ein brukar lausrevne bibelsitat 
for å rettferdiggjere det ein gjer.
At ein viser til ein Gud som vil ditt og som vil datt.
Enten det gjeld å brenne nokon på bålet 
eller å påstå at nokon er skuld i sin eigen sjukdom,
eller påberope seg retten til å begå overgrep 
eller påstå at alt har ei meining 
- fordi GUD vil det..
eg trur Gud gret når han ser uretten gjort i Guds namn.


Det handlar om teologi.
Det handlar om forståing og tolkning av Ordet.
Eg trur på det som står i Bibelen.
Eg forstår det ikkje.
Eg kjem aldri til å forstå det.
Og det er vanskelig å finne ut kva som er rett og korleis ein skal tolke..


Men av og til får eg eit glimt av kven Gud er
og kva som virkelig står der.
Og nokre ting har eg blitt viss på:
Eg vil aldri bli Gud
Gud er i sitt vesen utan for min evne til å forstå, 
han er større, mektigare, meir mangfoldig, konkret og abstrakt enn eg kan fatte.
Difor treng eg bilder for å forstå noko av kven Han er.
Men Gud lar meg likevel få komme inn for han, 
slik som eg er, med alt eg har 
og han bryr seg.


Eg kan bruke bibelvers for å overbevise meg sjølv, 
og andre, om at eg, eller dei, burde vere slik eller slik. 
Eg kan slå folk i hovudet med Bibelen og fortelje kor skapet skal stå. 
Eg kan danne min eigen kyrkjelyd, eller mitt eige kyrkjesamfunn,
dersom eg er uening i ting som blir sagt. 
Eg kan ganske mykje.. 
Men når alt kjem til alt så trur eg alt handlar om å leve med Jesus som forbilde, 
du veit, han som vart menneske - full av nåde og sanning.


Eg trur det handlar om å våge å vere ærlig med at det er ting eg ikkje forstår.
Det er ord og setningar i Bibelen som eg ikkje kan fatte 
kvifor står som dei gjer, men dei er der. 
Eg kan ikkje oversjå dei.. men eg har lov å seie at eg ikkje forstår.
Og eg har ingen rett til å bruke Guds ord til å gjere meg sjølv til dommar over andre.
Det handlar om å våge å møte menneske med nåde og sanning, 
i den rekkefølga og alltid saman.
For utan sanninga treng vi ingen nåde - men vi rotnar vekk, 
og utan nåden vil sanninga ta knekken på oss.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar