mandag 26. november 2012

Mellom Bjørn Eidsvåg og Halleluja

Eg har blitt så "på nett" i det siste
at eg har hamna utpå både på Twitter og på Instagram.
Begge deler har eg hatt konto på i over eit år, 
men det er fyrst den siste tida eg har blitt hekta..
Ein av dei eg føl med på er Bjørn Eidsvåg.
Han var kanskje ikkje akkurat helten i ungdomstida, 
men eg har alltid syns han har vore litt morsom..
Den siste veka syns eg det har vore litt trist å lese 
ein del av det han sjølv skriv og 
det som Dagbladet skriv om i intervju med han.

Det er ikkje lett å vite kvar ein skal sjå
eller kven ein skal følge..

Han fortel om eit gudsbilete som eg ikkje kjenner igjen.
Om gud med liten g, ein dårleg tapar, ein hevngjerrig, bitter gud 
som både er surmaga og sint.
Og han fortel om at han kallar seg truande, men ikkje kristen.
At alle religionar søker sanninga..
Eg syns i det heiletatt at det er vanskelig å sjå kvar Bjørn Eidsvåg står..
Kanskje er utydeligheta berømmelsen sin pris?
Kanskje er det år etter år, med eit tøft liv på landevegen
som har sett sine spor? 
Men eg forstår litt av kva han meiner, 
at det er mykje teologiske diskusjonar som rammar menneske,
og som gjerne rammar dei svakaste.
Mi oppleving er at dette handlar om menneske sine meiningar, 
og kanskje kan ein trekke det så langt som menneske si evne
til å trakke andre ned i driten,
heller enn Gud sin karakter.
At det er vi menneske som reduserer Gud, prøvar å forklare han,
og så går det på tryne.
Og det vil eg kanskje seie at det gjer for Bjørn Eidsvåg og,
når han angrip Gud og oss som bekjenner oss som kristne 
slik som han har gjort den siste tida.
Kanskje er det ikkje det han har prøvd på, 
men eg opplever at det er det han har oppnådd..
Men det er Bjørn Eidsvåg sin rett,
og som sagt:
Eg ser litt av poenga han har,
eg er berre ikkje heilt enig i alt.
Særlig ikkje å legge skulda på Gud 
for menneska sin vondskap..

Når eg ser din himmel...

I går var eg ute mesteparten av dagen.
Etter ein morsom innflyttingsfest på laurdag,
var det godt å vere ute og kjenne den skarpe, klare novemberlufta.
Og eg gjekk der og tenkte på Bjørn Eidsvåg og det eg har lest og høyrt.
Korleis kan eg tenke at Gud passar inn i mine smålige ting, 
framfor å tru at mine smålige ting passar inn i det Gud har skapt?
Korleis kan eg tru at ein som har skapt eit så fintfølande 
og komplisert system som kroppen er, 
har mindre kontroll enn meg?
At han som har satt opp eit superkomplekst univerts,
som er større enn vi greier å måle, 
ikkje ser det eg ser?
Og derfor bør følge mine instruksjonar?
Korleis kan eg tru at ein som fornektar eigen natur, 
blir menneske - erfarer menneskelivet-
og gjer det på ein så fullkommen måte som vi aldri kan få til,
som vel å døy for å sigre over døden,
slik at eg kan få evig liv,
er ein hevngjerrig, smålig fyr?
Ja, eg veit at dette er noko eg TRUR på.
Men eg kan ikkje tru på det samtidig som eg skuldar Han for
dei egenskapane Bjørn Eidsvåg tilsynelatande meiner han har.

ei rast på vegen..

Eg brukte kvelden i går på gamle trakter.
Eg var på besøk i den gamle menigheta mi.
Anledninga var at det skulle vere basar for ein dagheim
for utviklingshemma born i Nepal.
Og eg har berre gode ting å seie om møtet eller basaren.
Det var ei flott tale om å vere takksam og fantastisk lovsang.
Eg kjende likevel at eg ikkje høyrde til der lenger.
Litt trist og litt godt.
Men eg sat heile møtet og tenkte på at eg var takksam
for mange ting i livet mitt.
For at eg har alt eg treng, 
for at eg har vennar og familie som bryr seg, 
for at eg har trua på ein god Gud..
Lista over ting eg er takksam for er egentlig ganske lang.
Men eg har endra meg litt dei siste åra.
Før var eg veldig henda i vêret-halleluja-kristen.
Eg er ikkje der lenger.
Livet har fått fleire djubder.
Eg har fått andre uttrykksmåtar.
Eg syns det er flott å sjå andre som berre er "der",
men sjølv kjenner eg at det som før var reine saligheta,
der lovsongen løfta meg frå bakken,
så har eg no fått føtene på fast grunn.
Eg er liksom ikkje klar for å rope Halleluja...
Det tek altså ikkje av, men kan likevel oppleves godt.
Det handlar ikkje om kva eg føler, det handlar om kven Gud er.
Eg er trygg på kven eg er på ein annan måte.
Eg streber ikkje etter ei oppleving,
eg stiller ikkje krav til meg sjølv og kva eg burde føle,
eg vågar å berre vere.
Det gjer meg takknemlig.
Eg trur nemlig på ein Gud som likar meg,
akkurat slik eg er, 
ja, Han ikkje berre liker meg - han elskar meg!
(og Han elskar Bjørn Eidsvåg like høgt som meg!)

Og ein av mine måtar å vise takksemd på
var å kjøpe lodd
slik at eg kunne støtte nokon som ikkje har det like enkelt som meg.
Det burde vore mange fleire lodd, 
men eg tømde det eg hadde i lommeboka,
og så fekk det halde denne gongen.


Eg vann ingenting.
Men eg gjekk takknemlig heim.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar