onsdag 28. november 2012

money, money, money...

Eg har hatt ein del utlegg i det siste.
Mykje av det er pengar som eg kjem til å få igjen, 
men som eg likevel måtte punge ut for i forkant.
Det har blitt mykje havregryn og knekkebrød,
og det har faktisk blitt plass til meir mat i frysaren.


Eg er ikkje av dei som tener fett med pengar,
eg har ein såpass idealistisk jobb at mesteparten av løna kjem i Himmelen..
Men eg greier meg.
Eg greier meg betre enn mesteparten av verda si befolkning.

Akkurat det har eg tenkt ein del på den siste veka.
Eg treng ikkje reise langt for å sjå at eg har det fett
i forhold til mange andre.
Kanskje var det ei venninne sitt utsagt om
at ho aldri hadde kunne legge ut det eg har gjort no,
som vekte meg litt.



I utgangspunktet kan jo heller ikkje eg det, 
men eg har ein sparekonto
som eg prøvar å bruke.
Det vil sei, 
eg prøvar å spare på den, 
desverre er eg flinkare til å bruke av den...
Men likevel:
Eg har fast jobb som gjer at eg får lønn inn kvar månad.
Eg har mat i kjøleskap og frysar når det er lite å gå på butikken for.
Eg kan gå på kino, konsertar og teater.
Eg kan reise på turar og gå på kafé med gode vener.
Eg har pengar nok til at eg har kle på kroppen og sko på beina.
Eg har alt det materielle eg treng
hvis eg ser strengt på det.

huset sin (snart) 13 åring

Sjølvsagt kunne eg godt tenke meg ein ny tv.
Den eg har no er kreativ i fargeval, 
ustabil på lydfronten og
er like tung som ein del av mine venninner..
Men eg døyr ikkje om eg ikkje får sjå tv.

Eg kan kjøpe alle julegåvene mine.
Eg kjenner folk som ikkje har råd å kjøpe ei einaste julegåve.
Og det er i Norge i 2012!
Kva eg brukar pengar på handlar stort sett om mine priorieringar.
Ikkje alle kan unne seg den luksusen..

Vi går inn i adventtida til helga.
Ventetida mot jul.
Og det er mange gåver som skal på plass før julekvelden.
Eg har ikkje lyst å spare på gåvene eg gir.
Men i år trur eg at eg vil prøve å gi til nokon som ikkje har så masse og.
Vere raus med nokon eg ikkje kjenner.
Nokre kroner for meg kan bety ein fest for nokon andre.
80 kroner kan bety to middager til jul..

litt reklame for kirkens bymisjon :)

Eg kjenner det utfordrar meg,
og eg trur eg har godt av det.
Kanskje kan det hjelpe meg å løfte blikket, 
og sjå menneskene som treng
noko anna enn gaver og ting frå meg.
Dei som treng eit smil, eit vennleg hei, 
ein klem eller ein invitasjon til ein kopp kaffe eller ein middag.
Kanskje kan eg få vere eit lyspunkt i ein mørk kvardag?
Eg trur nemlig at dét er meir verd
enn all verdens pengar!







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar