søndag 2. desember 2012

Fyrste helga i advent


På fredag kom snøen.
Akkurat tidsnok til fyrste helg i advent.
Og det har vore ei deilig helg..
Mamma og pappa kom på fredag, 
så då fekk eg kokt kveite til middag
som stod klar på bordet då eg kom heim.
Laurdag morgon var eg og mamma på litt shopping,
og laurdag ettermiddag var det lysfest.


Eg og Berit fann ut at vi gå dit i lag.
Lysfesten er ein av dei koseligaste tradisjonane Bergen
har å by på.
Og med snø og kaldt, klart vêr
så var det superkoselig!


Store og små kosa seg, 
og vi møtte til og med på Maja i folkehavet :)


Og for meg er det så godt når november er over, 
og desember kjem.
For sjølv om det er den mørkaste tida,
så er det likvel så masse lys.
Og når det i tillegg kjem snø som lyser opp, 
så blir det berre koselig.
(i allefall så lenge eg ikkje skal ut og køyre bil)





Lysfesten vart i år som i fjor
avslutta med eit spektakulært fyrverkeri.
Det var rett og slett vakkert..



Vi kjende ikkje kor kaldt det var å stå der
før vi begynte å bevege oss etter at det var slutt.
Så vi jakta på kakao, 
i likhet med store deler av bergen si befolkning,
og fann den på Dickens.
Der hadde vi ein pust i bakken før vi gjekk på kino
og såg ein av dei nydeligaste filmane eg trur eg nokon gong har sett:
De urørlige.
Om du ikkje har sett den, så bør du komme deg avgarde og sjå han!


Etter kinoen gjekk vi ein tur på Pingvinen,
tok oss ein Bulmers og åt popcorn, 
og prata om filmen, livet og at vi skal på tur til helga.


På vegen heim etterpå
gjekk eg gjennom ein veldig rolig by,
full av stemningsfulle lys
medan våt snø dala stille ned...




Vel heime, plukka eg adventspynten fram frå kassa
og pynta opp stua.
No har sofaen blitt raud, 
og eg trur eg må ha meg eit eige budsjett for levande lys
denne månaden.. ;)





Det siste eg gjorde før eg la meg 
var å sette opp julekrybba.
Den må på plass
for å minne meg på at jula handlar 
ikkje om gåvene og stemninga,
men om at eit barn vart fødd i ein stall,
og kom med bod om ekte kjærleik og fred.


GOD ADVENT!


2 kommentarer:

  1. Eg trur eg ska kjøpe meg ei julekrubbe. For det e som du skriv. Det er DET jula handlar om ♥

    SvarSlett
  2. Ja, gjer det!! Det er så lett å gløyme det midt i alt maset som er før jul - og så er det veldig dekorativt også ;)

    SvarSlett