lørdag 15. desember 2012

Julesang, bursdagsfeiring, frokostbesøk og shopping.


I haust har eg ikkje øvd på julesongar saman med nokon, 
og etterkvart vart saknet for stort, 
så torsdag inviterte eg dei av tidlegare Serafar som er busette i Bergen
og venner til syngejulesangkosekveld.
På menyen var lussekatter, gløgg, mandariner, snop, 
godt selskap og fin sang.
Eg var veldig fornøgd med desse :)



Eg syns det vart ein veldig vellykka kveld.
Eg er så velsigna som har så mange flotte menneske i livet mitt, 
som både lagar god stemning og synge fint! 


Utruleg greit å ha vennar som kan spele piano
på et litt meir avansert nivå enn meg ;)
 Å fylle huset med gode vener
ein kveld mellom nokre lange arbeidsdagar
er rett og slett ei vitamininnsprøyting
av dimensjonar for min del.


Det er noko veldig godt med å ta oppvasken etter slike kveldar.
Eg er i allefall slik at eg går og smådansar, synger litt og smiler
medan eg rydder og eg kjenner at takksemd fyller hjartet!


Og festlighetene fortsette på fredagen.
Men då tok eg bussen til Loddefjor for å feire
at Venke har vorte både 30, 31 og 32 år
saman med nordfjordjentegjengen.
(ja, Hilde, du blir rekna som nordfjording i denne samanhengen;))


Det vart og ein veldig kjekk kveld, 
med ostegratinert nachos nett som i gamle dagar
og god stemning og mykje latter og gode historier.
Eg tok fleire bilder, men dei vart mørke
og etebilder treng eg jo ikkje akkurat publisere ;)


Fordelen med å vere på bursdagsfest med småbarnsmødre
er at det tek som regel slutt i skapleg tid, 
slik at ein kjem seg heim og legg seg..
Noko som var greit sidan eg hadde frokostgjester i dag.
Sigrid, mi gode venninne som eg budde i lag med i to år på Sandane,
 og familien var på juleshoppingtur,
og det er utruleg kjekt å få litt tid i lag når vi kan få det til.


Og etter frokost bar det ut på shopping..


For nokre var det ut og springe,
medan for andre handla det mest om å passe på..

eg lurer meg på om han har vore i militære...

Og etter å ha gått i butikkar heile dagen, med ei lita kafepause, 
så gjer ein seg nokre tankar om norsk servicenivå og administrering.
Juleshopping laurdagen før jul er intet mindre enn ein prøvelse,
og når ein då les bloggen til ein venn og ser korleis ting kan gjerast:


Ja, då har ein lyst å flytte...

Men eg kom meg heim, med alle mine pakkenellikar, 
eg har fått kryssa av dei aller fleste på lista mi
og har ein plan for dei siste som står igjen..
Men at juleshopping er trening,
dét er det ingen tvil om.
Eg er alt støl både her og der etter å ha gått med armane ut frå kroppen, 
med ja, ca 5 kg i posane i et par timar..
Eg trur ikkje det blir problem å få sove i kveld heller.
Men eg gledar meg til å gje frå meg gåvene!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar