søndag 23. desember 2012

Heim til jul


Det er noko med stemninga når ein skal reise heim til jul.
Ein har mange forventningar og tradisjonar som skal haldast.
Ein årleg tradisjon for meg er at kofferten er full før 
eg har starta å pakke klea.
Slik er det når ein har stor familie.
Og det er jo berre kjekt å gje.


Men det kan eg seie:
Eg tenkte ikkje ein einaste fin tanke om dei
som har beslutta at ein skal fylle Bergen med brostein
på mi vandring rundt Vågen
med 120 liter med gaver - og litt kle..


Til og med i dag kjenner eg treningseffekten det ga..
Og som ikkje det var nok så har eg eit par søsken som
syns det er så hendig å ha ei søster i byen, 
for då kan ho jo berre... 
Eg syns det er kjekt å kunne hjelpe, 
men ser helst at eg får vite om at eg bør gjere det
litt før eit par timar før båten går...

Men eg fekk heldigvis slappa godt av på båten.
Det var ikkje fullt så fullt som eg hadde venta,
så eg kunne strekke ut beina, fylle kakao i koppen og sjå julefilm.
Det er ein av mine fine juletradisjonar..


Og det er noko med å legge til kai etter kai
og sjå menneskene som ventar på kaia for å omfavne 
og ynskje dei som kjem med båten velkomen heim.
Eg hadde nesten live-versjonen av starten på Love Actually
på repetisjon heile vegen heim..
Det er jo dette juleferien burde handle om;
å vere i lag med dei ein er glad i og få lov å vise at ein set pris på dei..


 Det er ein av dei tinga eg opplever at eg får når eg er heime.
Sjølv om eg har vorte byjente etterkvart, 
så syns eg det er godt å komme heim til Stadt.
Og det er Stadt som er heime heime.
Ekstra kjekt syns eg det er å tilbringe tid med
alle ungane mine. (tanteungar då, men det er berre semantikk)


I går fekk eg bruke litt tid saman med mi 6 år gamle guddatter.
Dei seier at ho minner litt om tanta i oppførsel...
det kan eg ikkje forså.. ;)


Og i dag testa eg nyebilen til mor og far, 
og saman med mamma gjorde eg unna litt småshopping på Eid..

Toyota Yaris har ikkje bagasjerom.
Men baksetet fungerer fint 

Det var nok av folk på Nordfjordeid i dag, 
så ting tok litt tid..
Og det er framleis mykje som skal gjerast før julefreden senkar seg..
Men vi tok oss likvel tid til ein tur i kyrkja i kveld.


Der inviterte Stadlandet Gospelkor til julekonsert.
Det er utruleg mange flotte talent på denne vesle plassen i vest!


Eg storkosa meg
der eg fekk høyre både gospelkoret, ungdomsskulejenter, solistar, mannsgruppe og korps.


Og musikk 
det er kanskje noko av det som talar mest til meg.
Gjennom musikk får eg kontakt med det innerste i sjela
og julefreden senka seg så absolutt.


Kyrkja på Leikong er ikkje akkurat den enklaste lydmessig, 
men det var ein mektig klang i koret
som avslutta konserten med fellessangen "Deilig er jorden".
Og etter slike kveldar så tenker eg at jammen er det rett!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar