tirsdag 4. desember 2012

Juleminne




I år er andre gongen på 9 år 
at eg ikkje skal synge på julekonsert med Seraf.
Noko eg saknar veldig.
Og eg sat og gikk gjennom nokre papir,
då eg plutselig fann ei historie eg hadde skrive til ein av julekonsertane,
som hadde temaet "Somewhere in my memory".
Ei historie om korleis mi barndoms jul var,
slik eg hugsar den, og den tenkte eg at eg kunne dele her:

Verdas finaset søsken
og brune gardiner!
Brune gardiner var det fyrste teiknet på at jula nærma seg. Dei kom somregel opp rett før bursdagen min. Forventninga auka i takt med dagane og når adventsstaken kom fram visste eg at det berre var veker igjen til den store dagen. Men før den kom måtte vi både rydde og vaske, bake kaker og sy rull.

Eg hjalp sjølvsagt til!
Så var dagen der. Det var alltid snø på denne dagen.
Eg våkna alltid tidlig denne morgonen, og det store spørsmålet var: Kva ligg under treet til meg i år?? Dagen var uutholdelig lang!



Fyrst skulle adventstjernen takast ned, ventetida var over. Så skulle juletreet pyntast, pappa satte på lysa, eg og søstera min hengte på glitter, kuler, norske flagg og anna pynt. Det store spenningsmomentet var når pappa satte i kontakta til lysa. Funka alle i år også? Ja, for det hadde vi sjølvsagt gløymt å sjekke før akkurat der og då.. Og meir enn ein gang resulterte det i paniske turar på butikken. For et tre uten lys, det kunne vi jo ikke ha!!


Denne vaks eg opp med.
Det blir ikkje jul utan!

Resten av julepynten måtte også på plass, julekrybba og engle-spilledåsen som spilte Glade Jul kvar gang eg trekte den opp, noe som skjedde ofte til alle dei andre sin fortvilelse, julebildet som søskena mine hadde brodert da dei var små og klokkene som alltid hang mellom spisestua og den andre stua.Juledukar og løparar kom fram, og i samme slengen kom både mandariner, fiken, dadler og nøtter i ulike varianter på bordet.

Og så var det graut, med mandel i, og premien var ein marsipangris, som eg som regel fikk uavhengig av om eg fikk mandelen eller ikkje.. Sånn er det jo gjerne når ein er minstemann. Etter grauten var det kø inn til dusjen. Alle skulle være reine og fine når kyrkjeklokkene ringte jula inn. Og når alle hadde fått på seg fintøyet bar det til kyrkje. 


Kyrkjeklar

Presten talte aldri så lenge som han gjorde på julafta! Og han talte alltid om det samme, hadde alltid med seg en bok som var innepakka og snakka om gava vi får i jula.. og eg tenkte på alle dei fine pakkane som låg under det nypynta treet heime.Då vi kom heim var sølvguttene og Skomakergata, før TVen vart avskrudd for kvelden.  Julehefta kom frem fra sin skjulte plass, og vi krølla oss sammen i sofaen med Knoll og Tott, Fiinbeck og Fia, Stomperud og Vangsgutane medan mamma og pappa gjekk i fjøsen. Heile familia var samla, besteforeldre og gamle tanter, og ikkje så lenge etter at fjøsstellet var ferdig stod middagen klar på bordet

Når alle hadde ete seg overmåte mett, fann mamma fram gamle salmebøker med rar skrift i. Og så skulle det syngast, gamle sangar som familien har sunge i generasjonar. Eg forstod ikkje alle orda, men det var fint å høyre på dei andre.
Morfar leste juleevangeliet, han var ein flink forteller og jeg lytta alltid når han leste. Akkurat då gløymde eg juletreet med alle pakkene, og drømte meg inn i ein stall i Betlehem, som såg ut akkurat som sauefjøset vårt! Endå ein sang skulle syngast før det var dessert. 


Morfar, mormor, meg og pappa...og ryggen til farfar.

Så nærma det seg tid for alle pakkane. Heile kroppen sitra av forventning. Det var så spennande å sjå kva som skjulte seg bak glansa papir og gylne bånd. Men først måtte oppvasken takast. Vi var 11 til bords, og det blir ein aldri så liten oppvask av slikt. Det var vi jentene som måtte hjelpe til med det. For oppvaskmaskin fanns ikkje hos oss!

Når oppvasken var tatt, då var det tid for å synge litt til. Da skulle vi gå rundt juletreet. Det var ufattelig hvor mange sangar som måtte synges før vi kunne ta til på det som var det store høydepunktet! Men nokre var veldig kjekke å synge også, eg sang av full hals på de jeg kunne, som for eksempel ”Et barn er født i Betlehem.”




Det som føltes som ei evighet med runde på runde rundt treet, men så var det endelig duka for det beste med hele julekvelden! PAKKANE!Ein og ein måtte åpne si gave etter tur, vi kunne ikkje pakke opp fleire samtidig. Ofte var det altfor lang tid mellom mine gaver, men til slutt var den siste pakken åpna og pappa putta alt papiret i ovnen. Eg satt der med en pappkasse full av presanger som eg visste at eg skulle få all verdens tid til å undersøke og leike med i morgon.


Eg og farfar

Som avslutning på kvelden fann brødrene mine fram fiolinene sine og søstera mi fram celloen, og sammen med pappa på orgel spelte dei mendan eg satt trygt i sofaen omslutta av dei menneskena som eg elsket mest i verden, og som elsket meg minst like masse tilbake!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar