søndag 30. januar 2011

La maska falle..?

I går var eg på teater. La Cage Aux Folles.
Det var ei heilt fantastisk morsom forestilling med kjappe replikkar, masse humor, sang, dans, fargar og glede. Men og med mykje alvor og tankar ein godt kan ta med seg vidare.


Den vakre historia som fortel om livslang, ekte kjærleik, om forsaking og raushet. Den fortel om kva det betyr å sette andre menneske før seg sjølv, og om kva som skjer når vi tek på oss masker for å tilfredstille andre. Den fortel og om fordommar vi ber med oss, utan å sjå menneska som blir ramma av dei. Eller er det fordommar vi ber med oss for å rettferdiggjere oss sjølve? For å kunne seie at "eg er i allefall bedre enn.."? Er fordommar ein måte å unngå at andre skal få sjå kva gruff som skjuler seg bak maska vår?

Slik eg helst vil at folk skal sjå meg, smilande og blid som ei sol..

Eg har tenkt mykje på dette i det siste - det å la maska falle. I La Cage er det fleire som prøver å ta på seg maska, for å gjere andre til lags, eller ikkje vere til bry. Og det slår jo ikkje akkurat heldig ut, sjølv om det blir ei bra komedie av det..

Men eg trur vi altfor ofte har på oss masker, går inn i roller i staden for å vere den vi er. Og det utspeler seg somregel ikkje det same komiske skodespelet i det daglege dramaet, og kjent som vårt liv. Vi gjer det vi kan for å fikse på fasaden - enten det er i form av sminke, slankekurar, duppedingsar og andre ting vi kan vise fram for å sleppe at folk legg merke til alle feila våre..

Fiksa litt på neglene i sommar...

Eg sat i går og beundra eine hovudpersonen, Albin, for sin åpne måte å vere på. Ja, eg veit at dette er eit skodespel altså, men denne rollefiguren - han levde ut kven han var 100%, på godt og vondt.
Eg skulle egentlig ynskje eg var litt meir som han. Som vågde å vise kva eg følte, når eg følte det. Oftast blir det at ein klistrar på eit smil, og seier at alt går bra - sjølv om du føler at heile verda er trasig og alle er i mot deg.

Eit eksempel på dette presterte eg i går. Då stod eg opp og såg meg sjølv i speilet, og forstod at dette er ingen bra dag.

Definitivt i kategorien Bad Hairday!

Eg har lenge vore frustrert over håret mitt og i går var alt berre heilt gale. Så eg gjekk ut i byn på jakt etter frisør som kunne hjelpe. Eg fekk frisørtime, og medan eg venta på den gjekk eg og kika litt i butikkar. Eg skulle jo på teater, og hadde sjølvsagt ingenting å ha på meg, og det eg fann i butikkane var enten for stort, for lite, feil form eller feil farge. ALT var gale.

bildet eg helst ikkje vil vise til folk

Så fekk eg melding frå Rune, som fiksa billettar, med diverse info - og kva svarar eg der eg går og surmular over denne drittdagen? joda: "Nydelig!! Gleda meg masse!!!:D" Skal eg vere ærlig så var det ikkje mykje glede i kroppen akkurat då, men eg rekna med at ting ville bli bedre - og eg kunne jo ikkje plage han med min dårlege dag.

(Det må seiast at dagen snudde 17.57, tre minutt før framsyningsstart - då hadde eg sprunge frå Torget til teateret fordi eg var altfor seint ute(eg skulle vore der 17.50), og Rune møtte meg i døra med replikken:"Dei har ikkje reklame før forestilling på teateret altså!" Kven kan vel unngå å smile av den?)

Vågar vi å sjå kvarandre i augene?

Men tilbake til dette med masker - kva masker tek vi på oss i kvardagen? Vågar vi å vise svakhetene? Vågar vi å droppe sminka og vise vårt sanne anskikt? Vågar vi å leve ærlig, slik som Albin? Eller går vi inn i rollene vi veit er enklare for folk rundt oss å forholde seg til? Vågar vi å la folk sjå oss i augene,  og vise korleis vi egentlig har det? Vågar vi å vise at vi blir såra, fornærma, lei oss, sint og andre negative følelsar? Eller viser vi berre det gode, ufarlege og snille?

1 kommentar:

  1. Godt skrive vakre ærlige du!
    Tenkte og mange tankar då eg såg stykket, og fleire tankar etter denne helga sitt innhald. Har vore på bønnemøte i kveld, og kjende veldig på det å TAKKE framfor å berre sukke! Men akk, er lov og sukke og.. Lærde på eit foredrag med psykolog Haukedal - at me må møte oss sjølv i spegelen med eit SMIL og ein god opningskommentar! me må lika oss sjølve! Det mentaler e så viktig! Hald fram med å stråle, nyt og LE masse! og - innimellom - ROP ut skit og lort med stor frimod! Det skal eg! <3

    SvarSlett