tirsdag 25. januar 2011

Protein meg her og protein meg der!

Ja, då er det nok eit matinnlegg. Eg registrerer at den nye trenden - om ein kan kalle det ny, i og med at Fedon har masa om slikt i mange år - er proteinbrød. Det skal vere sunt seie dei. Det bryr eg meg egentlig ikkje så mykje om, men eg syns ikkje det er noko bakside akkurat.



Eg har alltid vore glad i grovbrød. Ja, egentlig i brødmat generelt. Og difor var det eit lite slag i fjeset då eg fekk påvist cøliakien. For det er ikkje mykje grovt, glutenfritt mjøl. Og i haust var eg på ei gruppesamling på Haukeland der ein fekk informasjon om glutenfritt kosthold(rett nok 3 år for seint, men bedre seint enn aldri). Og der var det ei som hadde oppskrift på eit slikt proteinbrød.

Dette har eg begynt å bake, endeleg får eg noko som eg syns kan minne om grovbrød. Og ja, eg og ser at dette stort sett er fuglemat - men det smaka godt og då er det godt nok for meg!

Oppskrifta er som følger:
8 egg

1 pakke Crème fraîche

3 ss olje

2 ts bakepulver


1 kopp linfrø (er du litt ømfintlig, vær varsom - linfrø kan ha lakserande effekt)
1 kopp sesamfrø
1-2 koppar solsikkefrø
2 koppar gresskarkjerner/frø
2 koppar havregryn (NB! lagar du dette for ein cøliakier, så må du skaffe glutenfrie havregryn.)

1 neve hakka valnøtter og mandlar (ganske valgfritt)


Dette blandar du godt saman, og det blir ei rimelig rennande røre.
Dette er nok til to former, og sidan dette er laga med bakepulver og ikkje gjær så treng det ikkje heving.


Du steiker dei på 180 grader på nederste rille i ca. ein time. (eller 60 minutt om du vil)
Dei hevar ikkje spesielt masse i ovnen heller, så forvil ikkje om det ikkje blir typisk lett og luftig. Dei blir ganske tunge og kompakte, men du verden så saftige! Mmmmm!


2 kommentarer:

  1. Etter å ha gått 2 år på toppvolley no og ha åte loff (i mot min vilje selfølgelig) som e baka uten kjærleik og uten innhold i, der du må ete 100 skjeve for å bli mett - kan eg vell berre sei dette:

    Søk jobb på toppvolley som egen brød-kokke! Det der såg berre sinnsjukt fristandes ut :D

    SvarSlett
  2. Det må eg seie er ei skam for en skule som har som mål å få ut toppidrettsutøvarar! Skikkelig mat må ein ha! Hadde Toppvolley vore ein annan plass, så kanskje eg skulle vurdert det ;)

    SvarSlett