søndag 9. januar 2011

Søndags-knekk(ebrød)

Eg skal på tur til Sogn i tre dagar. Og når eg skal på tur, så er det greit å ha med litt mat - i og med at eg ikkje berre kan gå på butikken og kjøpe meg ein bolle.
Så då fann eg ut at eg skulle teste ut ei oppskrift eg fikk før jul, på knekkebrød.


Problemet var at dette er ei oppskrift med vanlig sammalt mjøl, så eg måtte teste litt med glutenfritt mjøl..

Men oppskrifta vart sånn ca noko slikt som dette:
4 dl store havregryn (sjølvsagt av den glutenfrie sorten!)
4 dl brun finax (ca. det, eg hadde i litt meir då eg såg korleis tjukkelsen vart på røra)
1 ss fiberhusk (det kunne sikkert vore litt meir)
2 dl sesamfrø
2 dl solsikkefrø
1 dl linfrø
1 ts salt
7 dl lunkent vatn


Dette blanda eg fint sammen med min kjære kenwood. Så smurte eg det ut over 3 plater, etter beste evne. Og sette det inn i omnen på varmluft på 150 grader.


Etter 35 minutt tok eg det ut, ruta det opp med eit pizzahjul før eg sette det inn igjen i nye 35 minutt.


Så skrudde eg temperaturen ned til 50 grader, åpna ovnsdøra og lot det stå og tørke ein time.
Og slik vart resultatet:


Det smakte faktisk ganske godt. Trur nok dette blir ein ting eg kjem til å prøve fleire gongar, og det kan godt vere at oppskrifta vil endre seg undervegs. Men eg har i allefall sørga for at eg har noko å tygge på i Sogn!

1 kommentar:

  1. viss du kjeme fram t ei oppskrift som e enda bedre då får du berre legge ut den og :) ditta trur ei at ei må prøve en dag Lillian og dei andre ikkje e heime :)

    SvarSlett