Klokka 8 var dataen påslått, koppen hadde kaffe, eg hadde ete frokost og var klar for oppgåvene som låg der og venta. Og så satte det i gang! DRRRRRRRRRRRRRRRRRRR!
Eg har då ein nabo, over meg, som driv og pussar opp. Eg er sjølvsagt klar over at det krever litt lyd, og i og med at eg har planar om å gjere litt forskjellig i leiligheta min innen rimelig tid, så eg putta sov-i-ro i øyrene og fortsatte jobbinga, som den avbalanserte og forståelsesfulle personen eg er..
Men så, akkurat som med ungar som gjer noko gale, vart det plutselig veldig stille - lenge.. Og eg skulle berre ut på do en tur og vart rett og slett ganske paff av det som møtte meg.
Det var ikkje der i dag då eg sto opp.. |
greit eg ikkje hadde vaska til helga enda, men... |
Ja.. |
Rett under hullet i taket er dusjen... |
For medan eg snakka med ho, gjekk eg jo ned igjen til meg. Og i det eg la på, ringde det på døra. Det var då rørleggaren og så var det masse fram og tilbake om korleis dette kan fiksast.. Eg syns heile greia er ganske så komisk, det er i allefall ikkje vits i å grine over det.
Men i to-tida kom ein søt latvier(i følge ho som eig leiligheta) og forklarde at dei ikkje fekk fiksa taket mitt før på mandag. Så det blir visst heimekontor då og.. Enn så lenge må eg dusje med hol i taket rett over meg, rett nok med ein svart plastbit i - trur og håpar eg..
Koseli me et lite hol i take vel :)
SvarSlettDå har du nåken å prate me når du gjere "kontor-arbeid" ;) hehe