fredag 19. november 2010

Tur til Sogn

I går var eg ein liten tur til Sogn... Vel liten er kanskje ei underdriving, eg måtte opp 05.00 for å rekke bussen og kom tilbake til Bergen 19.30. Det vart ein lang dag, men i tillegg til å få møte nokre herlige menneske som jobbar med trusopplæring i Indre Sogn, så fekk eg sjå mykje vakker og overveldande natur!

Sognefjorden viste seg frå si stillaste side..

det er noko veldig fasinerande med ein stille fjord
for ei jente frå Stadt...

tru det eller ei, dette bilde er tatt med det dårlege
kameraet på iPhonen..


I morgon skal eg atter ta turen nordover, denne gongen er det Sogndal som skal få ha mitt blide åsyn på besøk i nokre timar. Men denne gongen køyrer eg sjølv og skal overnatte!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar