søndag 28. november 2010

Julekonsertøving, lysfest, ett dårlig kafèbesøk og fleire gode!

Det nærmar seg julekonsert, og då må ein koordinere band og kor - så i dag hadde vi ei lita øving med bandleder...

Bandleder i samtale med representantar for den musikalske ledelsen

to Serafer i aksjon..

Styreleder Hansen nesten rett frå nattevakt


og der hadde Ingelin funne kameraet..

Herlige Serafjenter!

Og vi er alltid kjempeseriøse!
Etter øvinga gikk nokre av oss på indisk restaurant, før vi fortsette til lysfesten.. Det var kaldt kan du seie..

Ein enslig fakkel.. vi hadde ikkje den store utsikta liksom..

men det var det nokre andre som hadde sikra seg...

Odd Nordstoga underheldt med hylande grisar..

og så smelte en av bybudsjettet..
Det var jo typisk at eg pakka ned kameraet før den spektakulære avslutninga.. Og eg syns det er så rart at i denne byen smeller ein av nokre millionar på 17.mai og på lysfesten, men på nyttårsafta så har ein ikkje råd til slikt.. Det er liksom berre heile resten av verden som gjer det då..

Etter denne kalde opplevinga ved Lille Lundgårdsvann, fann vi ut at vi trengte kakao. Og gikk på Moliere, det skulle vi aldri ha gjort. Det er ikkje ofte eg eksploderer av dårlig service, men i dag ropte eg over kafèen at "Her er servicen så dårlig at vi går!" Eg gjorde det tydelig for alle og ein kvar at dette er ikkje ein plass å bruke pengar. Eg har vel egentlig aldri vore borti så dårleg behandling nokon gong, når eg som kunde er villig til å vente på produktet og til og med tenkte å kjøpe meir for å fylle ventetida og blir nekta det, med sure miner og rimelig ubehagelig tiltale - då blir Fure vred. Så folkens, skal du ha ein hyggelig kafèopplevelse i Bergen - ikkje gå dit! 

Men kvelden vart no redda av god kakao på Elefanten, latterlig julestandup på Ricks og ein herleg irsk kaffe, litt popcorn og ein cola på Pingvinen. Og sjølvsagt av herleg selskap! 


Og eg må jo seie at eg var sjølvsagt innom Kaffemisjonen i dag, som feira TRE år! HURRA for Kaffemisjonen som har endra, forsterka og utvikla mitt forhold til kaffe! 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar