søndag 21. november 2010

Sogndal og maskeradeball!

I dag har vore ein lang, men herleg dag!

godt med snø i Sogndal på morgonkvisten

I går reiste eg til Sogndal, der skulle vi ha ungdomsrådsmøte frå fredag til laurdag.
Vi var virkelig langt oppi dalen og.. Og der var det kaldt! Det var jammen godt at vi hadde ein stopp på Voss der eg fekk kjøpt meg både ullundertøy og raggsokkar!

Raggsokkar er tingen!

Gjestfriheta på bygda skal ein ikkje kimse av. Vi kom til ei luksushytte der to av rådsmeldemmane hadde fyrt i omnen og laga klar mat. og vi vart stelt svært godt med!
Og i tolvtida var det klart for turen heimatt. Det er ein solid biltur, med blant anna verdas lengste tunnel : Lærdalstunnelen, som er 24,51 meter lang.

Vi måtte ta ein stopp, og teste akkustikken. Så no kan eg skilte med at eg
har sunge fyrste vers av "Mitt hjerte alltid vanker"
for publikum i Lærdalstunnellen!

Vel heime var det berre å hive seg rundt, dusje og få på seg finstasen. For i kveld har eg vore på noko eg aldri før har vore på: MASKERADEBALL!


Det var kjempekjekt! Med live, klassisk musikk utført av proffe folk, god drikke og god mat!
Det heile var til inntekt til ein barneheim i Tanzania. Eg hadde med meg maskeradekake.

Beste kaka i verden, om eg kan seie det sjøl! ;)

Det er så stas når folk kler seg opp, og ein får møte nye folk når ein er i slike settingar. Eg kjenner at det gjev meg masse energi!


Og på slutten av kvelden var det dans.. Polinese og vals.. det er litt av ei utfordring det når ein har to venstrebein... Men det var definitivt god underholdning!!

meg og solmaska mi.. syns den var veldig kul! ;)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar