mandag 15. november 2010

Julemesse!

I går var eg på julemesse! Eg har jo jobba i Acta/Normisjon nokre år, så når eg fekk brev i posten om julemesse då var det naturlig å ta turen.
Utrulig kjekt å vere der uten å ha ansvar for noko - eg kunne jo kjøpe så mange årer som eg ville!!

Gode gammaldagse treårer! Stas!

Blomsterlodd - deriblant 2 vinnarlodd!

Svei no av nokre kroner, men det er jo kjekt når det går til ei god sak! Og vann gjorde eg og, i motsetning til tidligare.. Eit par dukar og nokre kjeks sende eg vidare til basar i Loddefjord som skulle vere i dag, men puta, posen med sjokolade, kaffe, hermetisk fersken, vaniljesaus og gele, og 2xAsalia tok eg med meg heim. Det kunne jo komme godt med!

Eg må berre seie at eg likar basar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar