Dei hadde nemlig tilbod på slikt no om dagen.
No er den raud, og ikkje kvit lenger.. |
Eg måtte faktisk bort på lageret på Nyborg for å få tak i det, og eg tenkte no at sida dei hadde tilbod, så kjøpte eg to ganger to trekk.. Og så måtte eg jo berre ha nye lampeskjermar... Det vart ikkje så ille dyrt, men du verden kor tungt det var uten bil! Men alt går når ein legg viljestyrken til!
Og det vart nesten ei ny stove då eg fekk på nyetrekket. Lika sånt eg!
Det var kjekt å få shina stova før kveldens storfine besøk! Eg fekk nemlig gleda av å ha Frida på besøk, for fyrste gong åleine uten foreldrene. 9 veker gammal og berre deilig.
Mor og far var på teater, og Frida var kveldens midtpunkt her i huset.
Eg fekk litt hjelp, av to staute karar. Det var i allefall ei trygghet i å ha dei her, og veldig godt selskap - som alltid!
Rune utviste et solid barnetekke, sjølv om han utpeika seg sjølv som barnevakt-vakt..... (i min fine raude sofa!) |
Barnevaktvaktene :) |
Vi kosa oss! |
So fint det blei...og nydeligt bilde av deg og prinsessa:)
SvarSlettEg blir nesten litt rørt!
SvarSlett