onsdag 10. november 2010

Å ta livet med ro...

Å vere sjukmeldt passar meg dårlig.. eg kjedar meg fort.. men eg kjenner at eg trengte å slå ned tempoet.
Men i dag hadde eg ein god grunn til å vere ute lenge, eg skulle til Haukeland for å lære om glutenfritt kosthold.. Etter tre år med cøliaki var det kanskje på tide..

Hadde besøk i gårkveld, med glutenfrie rundstykker og kakao :)

Så eg fekk med meg Venke og Frida ut i fineveret, og sammen gikk vi både opp og ned igjen frå Haukeland. Og på vei ned igjen vart vi veldig fasienert av nokre trapper. Kanskje noken veit kor dei går og kva formål dei har?

Fikk litt assosiasjonar til straumlinjene i "Trolljegeren" her...

Og det var deilig å komme ned igjen til byn og gå på Edvard og drikke Jan sin fantastiske "julekaffe"

Lykken er en kaffekopp! ;)

Er deilig å få ta livet med ro, ta den tida ein treng og få gjere det sammen med nokon! Og det er absolutt noko ein treng, enten ein er sjukmeldt eller ikkje..

1 kommentar:

  1. GODE var dei rundstykka!! herleg å eta trygt og godt hjå deg og saman med deg ikkje minst <3
    godt å finne kvilepulsen og...sjølv om PS I LOVE YOU framkaller tanker..Takk for meg!

    SvarSlett