onsdag 24. november 2010

Oslo-Liv

Eg har vore i Oslo igjen.. Byen eg har brukt 6 år av livet mitt i, og som eg framleis er veldig glad i.
Eg hadde litt tid til overs, så eg tusla meg ein tur - og tok nokre bilder av det som har forma litt av kven eg er.. Mange gode minner ligg her!

Eg fekk tatt bilde av nesten alle plassane eg budde..

Staffeldsgate 4
Ein augustmorgon i 1996 ankom eg dette bygget, og vart der til juni neste år. Då var det ikkje høgskule, men bibelskule med internat og greier. Etter dette året flytta eg til Nils Bays vei 27 B, som ligg rett ved Ullevål. Så langt gadd eg ikkje gå, same kor god tid eg hadde hatt! 


Frå Ullevål gjekk ferda til Bislett. Rett på sida av stadion budde eg i 4 månader på ei stove. Der eg såg kampane til Vålerenga gratis. Før husverten fann ut at ho skulle selge leiligheta, og vi måtte ut..

Oppgangen i Louisesgate 4, vi budde i vinduet
du så vidt ser..
Så vi flytta over til andre sida av Bislett, og då måtte vi krysse ei av Norges farligste rundkjøringar om du spør meg.

Kjempelurt å la trikken gå rett gjennom rundkjøringa!
Nesten ingen som har prøvd å køyre frå han!
Og så fann eg ro i eit par år i eit kollektiv i Oscarsgate 1c


Vindu to og tre var mine det siste året,
før det hadde eg vindu nr.4 (som du nesten
ikkje ser..)
Så skulle eg bli vaksen og flytte for meg sjølv, og enda på 25 kvm i




inngang rett ved sida av Kiwi, Bella frisør og
ein kinarestaurant. Bak trikkestoppet..
Og så flytta eg til Bergen...

Då flytta eg og frå mange andre ting, som:

profilerte naboer

sjokoladepåminneren på Egertorget

Gunnar Stålsett.. dei har visst fått ny biskop no.

kjøpesenter ein kun hadde råd til å SJÅ i
butikkar

Luksus-følelsen ein får inne på Palleet

"neste stopp er *glassmagasinet*"

Plassen eg lærte at du kan ikkje gå inn til ein
frisør og sei: "gjer kva du vil" uten å sjekke
prisen først.... 
Storsalen - og ikkje minst, storsalstrappa

Planen om en opera - som no faktisk er der!

Eg kunne sikkert tatt bilder og fortalt om mykje meir i Oslo, men det må bli til ein annan gong!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar