tirsdag 30. november 2010

Kaldt!

Det er kaldt ute! Og på soverommet mitt.. noko som gjer at eg vart litt sein på jobb i dag, det var nemlig ikkje særlig fristande å trekke dyna til sides og beina fram på golvet. Det kjedelige med å vere voksen er at ein må, men som Marianne påpeika sist eg var i Oslo: alternativet er å ha ei mor som masar om at ein må stå opp.. då er det bedre å komme litt seint på jobb..

Og med ull på kroppen og kaffe i koppen, så var det berre å komme seg avgarde. Men eg har heldigvis ein ganske koseleg arbeidsveg for tida. Eg likar adventstida, med masse lys i gatene.

når ein ikkje kjem seg på jobb før kl.08.30 så er det
begynt å bli lyst, men det er no koselig likevel!

Og det vart ein kortare dag på kontoret i dag og, for systera mi og Lillian (tanteunge nr.9) er her og vi var ein tur i byen. Og det er slitsomt å gå på shopping når du er 4 år, men når ein sit i vogn så kan ein ta seg ein dupp... Og det er godt og varmt nede i vogna. For oss andre var det kaldt nok..


det såg litt...godt ut..
med Dino som passar på..

1 kommentar: