torsdag 9. august 2012

Fridom


Dei siste vekene har ei strofe frå ein gammal sang med Janis Joplin kverna i hovudet mitt.«Freedom’s just another word for nothing left to lose..»Eg har gått og smakt på orda. Fundert på om det er sant. Fundert på kva dei betyr.Fridom er berre eit anna ord for ingenting meir å tape..Ja, kanskje er det noko i det? Eller...


Det nyttar ikkje gråte over tapt nabbi..

Det har mange aspekt ved seg som eg har møtt den siste tida, i ulike scenario.Det mest banale er vårt jag etter det materielle. For nokre år sidan hadde Thorn ei reklame der dei har ein indisk guru som fortalde at du må aldri eige meir enn 7 ting eller så vil tinga eige deg. Dette er faktisk basert på eit gammalt kinesisk ordtak, og blir knytta både mot hinduismen og buddhismen. Kanskje er det ein litt ekstrem påstand, men eg kan trygt seie at eg eig meir enn 7 ting - og eg trur eg vil bruke tid på å frigjere meg frå tinga mine.





Dersom eg skal flytte på meg, så vil dette føre til mange bekymringar. Kvar skal eg gjere av alle tinga mine? Nokre ting har såpass stor sentimental verdi at eg er livredd for å miste dei. Det burde jo ikkje vore slik, men tinga er med på å definere kven eg er. Dei er ein viktig del av mi historie. Men historia mi forsvinn jo ikkje om tinga mine forsvinn, gjer den vel?Men det er meir enn tinga mine som hindrar fridom. Det materielle tapet, som vi fryktar så veldig, blir ofte ubetydelig når det først skjer. Når ein stol knekk ved eit uhell, så var det berre ein stol - og vi er takknemlig om ingen skada seg. Og då mi gamle datamaskin tok kvelden, og alle 15.000 bildene forsvann... Ja, sjølvsagt var eg irritert over at eg ikkje hadde hatt skikkelig backup - men no tenker eg sjeldan på det.



riktig lebestift gjer underverk for misfarga tenner..

Men kva om folk virkelig såg korleis det stod til med meg? Kva om eg tapte ansikt og den fasada eg har greidd å bygge opp, som sjølvsikker og sterk, slo sprekker?Eg har fått mange reaksjonar på blogginnlegget «spiseforstyrra». At det er modig gjort. Og ja, kanskje er det det. Det kosta litt å sette seg ned og sette ord på det som ikkje var bra. Å innrømme at her har eg ein del av livet som eg ikkje taklar, og som eg må arbeide hardt for å få på plass. Eg veit jo at eg ikkje er åleine om å ha slike problem, men likevel - her la eg ut, for heile verda å sjå, at EG - ikkje dei andre- har dette problemet.




Men tapet av den fasada var ikkje så ille som eg forventa. Eg skreiv innlegget for min eigen del, ikkje andre sin. Likevel har eg fått mange tilbakemeldingar frå folk det har hjelpe at eg var ærleg og sette ord på nokre tabubelagte områder. Sanninga skal setje fri, heiter det i boka. Eg trur det er sant.For nokre år sidan hadde vi ei påskevandring i bedehuset heime. Det var laga til med ulike postar der ein skulle gjere forskjellig for å få ei litt anna tilnærming til påskeevangeliet. På fyrste posten skulle ein ta ein stein, som ein skulle bere med seg gjennom dei andre postane - og til slutt legge ned ved krossfoten. Ein fin og pedagogisk måte å illustrere synda vi går og ber på, som enkelt sagt er grunnen til Jesu krossfesting og død. 




Eg hadde laga denne påskevandringa, og sat berre og slappa av då dei andre skulle gå den. Eg hadde planlagt detaljane, og kjende stasjonane ut og inn. Og var ikkje førebudd på å få meg ei preike sjølv. Men det fekk eg.


Ei av dei eldre damene, ei flott dame på så utruleg mange måtar, tok som planlagt opp ein stein frå bøtta som stod på fyrste post. Problemet var berre at dei steinane som låg der var henta frå elva heime hos oss. Og dei var ikkje reine. Så ho fann fram lommetørkle og begynte å pusse på steinen, for å få vekk den verste driten.


Er det ikkje ofte slik det er for oss? At vi pussar på syndene våre? At vi dekkar over den vesle, kvite løgna med ei anna nesten like kvit løgn? At vi peikar på dei andre som har gjort noko værre, når nokon vender spotlighten mot våre feil?Å få sagt sanninga, kan bety smerte - men det vil og føre til fridom. 



Ja, slik ser kontoret mitt ut - somregel...

Å miste maska, å vise kven ein egentleg er - det trur eg er fridom.Men - å miste kven ein er bak maska, utan å få vere den ein egentleg er - det trur eg ikkje er fridom.Eg trur vi ofte, i det daglege, definerer det som vi kan miste ut frå kva vi kan opparbeide oss. Ting, omdømme og status. Om «nothing left to lose» kun omhandlar dette, så skal eg til ei viss grad vere enig med den godaste Janis.



Nokre treng å få bryte ut frå hagen! :)

Det som gjer at mange av oss tviheld i maskene våre er at vi er redd for å miste dei vi er glad i dersom dei får sjå kven vi er. Men dei som virkelig elskar oss, blir sjølv om dei får sjå at alt ikkje står like bra til bak fasada. Mi erfaring er at dei fleste blir endå gladare i deg når du vågar å vere ærleg, og mange vil tilby seg å gå mange ekstra mil saman med deg om det er det som trengs.


Så - kanskje fridomen ikkje ligg i at ein ikkje har meir å tape?
Kanskje fridomen ligg i sanninga?

1 kommentar:

  1. Du skriv so vel, LivHelga, óg so forståande :) Tusen takk.

    SvarSlett