tirsdag 14. august 2012

OFF WITH THEIR HEADS!

I går kom rapporten.
Rapporten om alt som skulle vore gjort annerleis.
Rapporten som fortel
om feil og manglar i eit system,
feil og manglar som fyrst blir synleg 
i ein ekstrem krisesituasjon.
Rapporten som fortel
om mennesklig svikt og
om feil prioriteringar.

Eg har ikkje lese rapporten.
Eg må berre tru det som aviser, tv og internett fortel meg.
Men sjølv om det som blir fortalt er til tider graverande,
så er det noko eg reagerer sterkt på.
Så sterkt at eg må skrive dette..


Det får meg til å tenke på "The Queen of Hearts" frå Alice in Wonderland.
Journalistane samlar seg som gribbar,
ventar på at hovuda skal byrje rulle.
Det er ei heksejakt eg ikkje har sett maken til.
Spørsmåla som blir stilte handlar i altfor stor grad om kven som har skulda,
sjølv om alle veit at det berre er ein mann som er skuld i det som skjedde.

Er det ein ting eg er overbevist om
så er det at ingen som stod midt oppe i kaoset
22.juli 2011
ikkje gjorde det beste dei kunne.
Eg er sikker på at alle ga alt dei hadde,
og at mange har levd med minnene om denne dagen 
og tenkt "dersom eg berre.." mange gonger.

Ingen var førebudd på dimensjonen av ondskap
som gjekk laus denne dagen.

Det er så lett å stå i etterkant
og fortelje kva som skulle vore gjort.
Å stå midt i krisa og handle rett
sånn heilt automatisk,
er ei heilt anna sak.

Og journalistane ropar på blod - på hovudrulling.
Alle skal vere villig til å legge hovudet i guiljotinen, 
akkurat som om det skal bringe nokon av dei vi miste tilbake.

Kan vi ikkje heller sjå på kva rapporten fortel oss som må betrast,
og så jobbe for å betre det?
Er ikkje det eit betre spørsmål kva leirarane i landet vårt
vil gjere for å sikre at dei feila som skjedde
ikkje skal skje igjen?
Må hovuda verkeleg rulle?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar