søndag 12. august 2012

Klemmen si kraft

I går var det liksom berre ein av dei dagane..
Du veit, ein av dei dagane då ting ikkje fungerer
slik det brukar.
Når du mister brødskiva i bakken, 
skoa gnager,
du sølar kaffe på den kvite skjorta,
mobilen ladar ut uten grunn og du har ingen lader,
det du trudde du hadde kontroll på
er plutselig ute av kontroll..


Men akkurat då
eg tenkte at eg er søren ikkje mykje verd,
kom ein god venn inn i rommet
og ga meg ein skikkelig god klem.

Det redda helga mi.
Så i dag har eg vore raus med mine klemmar.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar