onsdag 1. august 2012

10 gode grunnar til å ta seg ein tur til Stadt

Eg har vore på Stadt i helga, eller Stadlandet som det heiter på rett.
Det er ei lita halvøy uti havgapet, der Norge svingar mellom Trondheim og Bergen.
Stadt er ein plass som berre må opplevast - minst ein gong i livet. Og eg veit at ein egentlig skriv Stadt uten t til slutt, men eg er motstandar av den skrivemåten - så er det klart med ein gong.

rett skal vere rett: dette bildet har pappa tatt! :)
Å reise til Stadt er ikkje å komme seg vekk frå flått, hoggorm eller dårleg bussforbindelse. Men eg lovar deg, det er mange gode grunnar til å reise nettopp dit. Ja, la meg gje deg 10 gode grunnar med ein gong:

1. Naturen generelt:
Makan til natur må du til Færøyane for å finne - og kva skal du utenlands når du kan finne slikt her? (dessuten har dei altfor ofte problem med å få ned flya der borte, eg snakkar av erfaring..)


2. Faunaen:
Eg har jo vore i Thailand i sommar, og erfart at den store, skumle verda kan by på mange slags giftige dyr. Rett nok er det hoggorm på Stadt, og enkelte plassar er det over gjennomsnittet stor sjanse for å bli offer for ein flått eller ti. Men stort sett er det snille, koselige dyr som berre vil vere venn med deg og ha litt kos.


3. Floraen:
Det er så mange vakre blomster på Stadt. Eg kjenner at eg blir så glad av å sjå smørbloms, raudkløver og kusymre så vel som av nydelige rosebusker.. eg likar vel blomster generelt kan eg vel seie, og på Stadt finn du begge deler.


(ser du, pappa, eg veit forskjellen på flora og fauna!)

4. Utsikta:
Det er ikkje mange plassar i Norge du kan sjå til Shetland. Det kan du egentlig ikkje her heller, men det er lov å forestille seg at du kan det! - i allefall når det ikkje er skodde..

i det fjerne jeg skuer.. shetland?

5. Vêret:
Det finnes ikkje dårleg vêr på Stadt. Er det sol er det ingen plass fagrare på jord. Er det regn er det fasinerande kor gale det kan bøtte ned og kor elvene fløymes. Bles det kan du surfe - eller berre sjå på kor havet bryt. Er det skodde er det ei oppleving av lys og mørke, og kanskje kan du som meg, då eg lærekøyrde med min bror, få oppleve å ha passasjeren hengande ut vinduet på bilen for å sjå kor kvitestripa er.



6. Folka som bur der:
Det er fine folk, det. Og sånn er det berre! Og her er det som i Cheers: alle veit kem du er.


7. Kultur og samfunnsliv:
Her er det eit yrande korpsliv, leikarring og teatergruppe som set opp revyar. Det er konsertar til stadighet, unge talent får sleppe til og gamle talent får fortsette å blomstre. Her er til og med kino!
I tillegg har ein to kafear (den eine er litt bar også), frisør, rørleggar, elektrikar, bunnpris, interiørbutikk, blomsterbutikk, minibank, ja, det manglar ikkje på plassar du kan få svi av nokre kroner! ;)


8. Historie:
Her kristna Olav fire fylker - og det er slettes ingen spøk. Her har andre verdenskrig sett mange spor. Og her har skjedd eitt og anna i mellomtida også.


9. Bade- og strandliv:
Finare strender finns ikkje i Norge - i allefall ikkje så mange fine strender med så kort mellomrom. Og ingenting er vakrare enn å sitje på ei strand og sjå sola synke i havet.. det er rett og slett idyllisk. Bade går og an, om du er av den hardbarka typen. Og bles det, ja, då kan du surfe.


10. Familien min! Berre det er jo grunn god nok! Beste folka i verden! :) Mamma og søstera mi er veeeeeeldig flinke å lage mat, så du slepp å reise svolten derifrå  - og det er berre å ringe, så får du heilt sikkert komme innom på ein kopp kaffe med noko attåt!


Så neste gong du lurer på kvar du skal reise: Ta deg ein tur til Stadt! :)

1 kommentar:

  1. Eg har lurt litt på om eg skulle ta med ein tur til Stadt i sommar. No vert det vel haust ;) Men om eg kan sitje trygt inne å sjå ut på event. uveir, skal eg gjere det :)E der campingplassar som e opne langt ut på hausten, må tru?
    Fine bilder :)

    SvarSlett