torsdag 16. august 2012

Lærekøyringsroadtrip


Eg jobbar hardt og inderlig for å få tittelen 
verda si beste tante, 
og då må ein gjerne yte litt ekstra.
I dag kom dette i form av ca 120 km

Helene, mi herlige niese, er nemlig 16 år 
(blir snart 17)
og då har ho lov å lærekøyre.
Det har eg tydeligvis nervar til.
Så i dag fekk ho sin femte eller sjette køyretur bak rattet.
Den tredje med meg som ansvarleg.


Vi måtte sjølvsagt innom Coopen på Åheim
og handle litt niste.
Åheim er ei lita bygd heilt på grensa av Sogn og Fjordane,
men framleis på Sunnmøre.


Det er ei bygd eg kjenner forholdsvis godt, 
sidan eg har hatt dagmamma der i 9 år 
og har gått på skule der i 7.
(ja, eg hadde dagmamma dei dagane eg ikkje var
på skulen heilt til eg var 10 år.
Mine foreldre visste kva dei hadde med å gjere!)

Skulen eg gjekk
1.-4. og 7.-9. klasse

Utvilsomt: VERDA SI BESTE BRUS! :D
Turen gjekk vidare over fjellet,
tilbake til trivselsfylket
og ned til Bryggja.

Fjelltoppen midt i bildet er Hornelen
Og til slutt nådde vi målet:
Måløy.


Godkjent parkering... ;)
 Målet med reisa var å 
treffe finaste Ellen Synøve :)


Så vi hadde ein stopp der, 
besøkte det nye krypinnet hennar,
men måtte altfor fort vende tilbake til bilen
for heimtur.

Dette må vere lengste trappa i Måløy: 59 trinn
Turen heim gjekk fint den og.
Helene blir stadig tryggare og 
eg syns ho køyrer fint for å ikkje ha trena meir på det!

Det er absolutt å anbefale å la nokon lærekøyre med deg,
når vi har køyrt nokre år går utruleg mange ting automatisk.
Vi tenker oss ikkje om før vi trykker på clutchen, 
beregnar avstand og fart utan større problem og  
stressar ikkje når vi må blinke, gire og bremse ned nesten samtidig,
medan det gjerne kjem bil imot.


Eg har tenkt igjennom mange ting som går automatisk, 
for å forklar kvifor det er lurt å gjere noko.
Og det har fått meg til å tenke på at 
vi dømmer fort andre for at dei ikkje får ting til på fyrste, andre eller tredje forsøk, 
når vi meiner at det bør vere så enkelt.
Det ser lett ut å køyre bil
når ein som har gjort det lenge
og gjer der rett sit bak rattet.
Det er noko heilt anna å sitje der sjølv.


Men øving gjer meister.
Dei fleste av oss har greidd å 
få førarkort, 
sjølv om nokre av oss trengde lenger tid.
Mange av oss har til og med blitt ganske trygge bilførarar! ;)
Men vi starta alle
litt småstressa over mange ting som måtte gjerast samtidig, 
og det kan vere greitt å hugse på i blant ;)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar