lørdag 18. august 2012

Glutenfrie hamburgerbrød


Mi niese, Helene, var den fyrste i familia til å få påvist cøliaki.
Då var ho berre babyen vår.
No er ho plutselig nesten vaksen, 
og skal flytte på hybel langt inne i Sognefjorden, 
noko som fører til sjeldnare heimreiser.

Så då må tante ta litt ekstra vare på ho,
og då vart det til at eg baka hamburgerbrød.


Det er i grunnen ganske lett,
og eg syns eg har ein god måte å få det til på, 
så eg tenkte eg skulle dele den:

ca 1 dl olje (eg brukar ofte rapsolje)
ein pakke fin semper
2 ss (eller eit kaffemål) fiberhusk 
1 egg
1 pk gjær
2 dl varmt vatten
ca. 2 dl melk (kald)
(det går fint å berre bruke vatten
i passe temperatur til gjæren og)
ca 1 ts salt

(1 egg til pensling og sesamfrø til å strø på)

Eg har fyst varmt vatten i desilitermålet, 
så blandar eg ut med melk til det er passe temperatur til gjæra.
Så har eg oljen i bakebollen,
fyller på med semper, fiberhusk, egg, salt, og så til slutt heller
eg over gjærblandinga.
Så tek eg handmiksaren og piskar saman til ei litt tjukk kakerøre.



Når det er klumpefritt, 
tek eg ein vanleg brødpose som eg har opp i f.eks. eit litermål, 
og heller deiga opp i den.
Så klipper eg hol i eine hjørnet og sprøyter deiga
opp i smurde ringar av norgesglas
som eg har sett på ei bakeplate med bakepapir. 
(du veit, dei metallringane som festar loket på norgesglasa,
du kan både bruke formfett eller olje å smørje med)

Så lar eg det stå på 200 grader i 10-15 minutt midt i ovnen.

La dei bli kalde før du tek av ringane! 
(dersom dei sit litt fast, løsne oppe og vri dei av)


 Mamma og pappa hadde ikkje så mange ringar, 
så det vart litt store toppar på hamburgerbrøda denne gongen.
Men dei smakar ganske ok :)
(tanta testkjørte ein med ripsgele,
og sidan dette er ei grunnoppskrift, 
så funka det også som ei kule! )


No ligg ligg dei berre og ventar på
at Helen skal komme og ta dei med seg på flyttelasset. :)

God tur til Årdal, Helene! :)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar