søndag 5. august 2012

Skaldyraften og nye bekjentskaper

I går var eg i bursdagsselskap til Kjetil.
Og sidan Kjetil er glad i skaldyr, 
vart det altså skaldyraften.


Sidan eg kjenner Kjetil fordi han er kjæresten til Ingelin, 
og ikkje minst gjennom nokre timar med Wordfeud, 
var det ganske skummelt å skulle komme i selskap med mange ukjente fjes.


Og når ivitasjonen seier "pent maritimt"
så bevegar eg meg inn på eit området som eg ikkje akkurat føler meg trygg på.
Men det var ein kjempekjekk kveld, 
med fantastisk mat og hyggelige folk.
Timane fauk!


Og eg fekk utvida horisonten min:
Eg har vore borti blåsjell så vidt ein gong for lenge sidan.
Eg smakte og spytta ut ei slimete sak.
Blåskjella vi fekk i går derimot
var rein og pur nytelse.
Det er viktig å vere åpen for nye ting, 
også ting ein har hatt dårleg erfaring med.
Ein kan plutselig bli positivt overraska! :)

 

Og resten av middagen kan måle seg med
sjømatmåltidet vi åt på Færøyane!
Det var rett og slett ei kulinarisk oppleving! :)



Festen var dagen før dagen, 
så eg kan jo nytte høvet no 
(sjølv om han både fekk klem og gratulasjon før eg for heim i natt):

Gratulerer med dagen, Kjetil!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar