søndag 26. august 2012

Venke sin dag - og litt til

Om knappe 14 dagar står Venke brud.
Det måtte jo markerast med eit aldri så lite utdrikningslag.
Ho var litt bekymra då eg gjorde avtale 
om å drikke kaffe med ho i byn på laurdag,
og gjorde det klart at eg ikkje var ledig på kvelden.
Men kunne ikkje forstå at Kari ville utsette 
utdrikningslaget til laurdagen før bryllupet, 
så skuffelsen var stor då ingen stod i gangen og venta når 
ho og familien kom ut for å reise til byn.
Og når det attpåtil berre var meg som møtte henne på kaffemisjonen
vart ho litt smånervøs..
Men så kom Kari.. 



Vi har vorte for vaksne for masse pinlige aktivitetar, 
som f.eks. å kle ut bruda og få henne til å gjere masse dumt.
I staden handlar dette om ein dag der jentene gjer kjekke ting i lag,
og feirar brura :)


Så planen var å starte dagen på Wasteland, 
med den typiske jenteaktiviteten: Laserkrig!
Slik gjekk det ikkje.
Wasteland hadde hatt systemet nede sidan toreveret i starten av veka,
men å ringe og seie frå om at systemet ikkje fungerte
det var visst for mykje for dei.
Så vi stilte opp og møtte ein stakkar som kun arbeider laurdagar, 
og som berre kunne beklage at vi ikkje hadde fått beskjed.
Så det anbefales ikkje å satse på Wasteland
om ein har lyst å ha ein morsom aktivitet!


Då kom det med at ei forretning i andre enden av serviceskalaen 
ligg nesten vegg i vegg.
Face Stockholm åpna akkurat då vi gjekk forbi, 
så vi spurte om det var mulig å få sminka bruda.
Og dei heiv seg rundt, og redda starten på dagen.
TUSEN TAKK!! :)

Brura si søster - for det meste bak kameraet

Bobler høyrer til!

Gjengen del 1

Gjengen del 2

Forlover Kari



Derifrå bar det til Sumo
der sushi stod på menyen.


Og så.. 
Venke forstod at vi skulle noko i Fyllingsdalen,
og at vi måtte skunde oss litt for å rekke det.
Men ho visste ikkje korleis ho skulle komme seg dit..


Men det gjorde vi :)


Fredrik, kjærasten til ei anna venninne, 
dukka plutselig opp med ein liten, sprek sak.
Og OT-assen (assisterande oversjukepleiar på ortopedisk avdeling,
altså der dei tek seg av slike som ikkje heldt seg på sykkelen under køyring)
la ut på tur på motorsykkel i passeleg regnver..
Fredrik måtte love å køyre pent!



Og så kom vi til Varden..
Kva venta då?


Venke er jo veldig flink å synge.
Så vi fann ut at ho måtte lage seg ein CD.


Utan å avsløre for masse
kan ein vel seie at det vart eit variert innhald..


Og sjølv om dette var Venke sin dag, 
også i mi bok,
så hadde eg greidd å gjere ei avtale eg ikkje ville trekke meg 
frå før datoen var på plass.
Så eg sette nasa mot byn, 
medan dei andre reiste til Lagunen der Venke fekk massasje.


Du kan seie det slik at det regna i går ettermiddag i Bergen..
Faktisk stod vatnet heilt opp til døra på bussen på Torget..
Så eg fekk meg ein dusj både før eg kom heim, 
og etter eg kom heim.
Og etter ein kjapp shinings bar det på Fløyen.


Saman med disse herlige folka 
og Eva, 
skulle eg få lov å synge i dobbel 60-årsdag til foreldrene til Eva.



Etter vel utført oppdrag
vendte eg nasen til Paradis, 
der resten av jentefesten var i gang.
Det var nydeleg mat og hyggelig selskap!


Og sjølvsagt hadde vi 
"åpne pakken og gjett kven det er frå"-leiken,
og mange gode historier kom fram 
og latteren sat laust.


Og etter mange oppdateringar, 
mykje kabelleiting og litt til oppdatering, 
så vart det Abba Sing Star.


Eg trur jenta vart rimelig fornøgd med dagen, eg :)
No er det berre å glede seg til bryllup! :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar