Utanfor Pattaya ligg ei lita øy
Dit drog eg og Solveig i dag.
Vi reiste til den minste stranda
og hadde den nesten for oss sjølve.
Vatnet var klart,
sola varm
og sanden klebra seg til alt :)
I tillegg budde der 5 hundekvalpar
(og et par voksne hundar og ein million kattar)
som sjarmerte oss veldig..
Livet var ganske deilig.
Solveig bader :) |
Men alt godt har ein ende,
og sidan himmelen trua med regn
og det dukka opp ein taxi på stranda,
reiste vi heim med båten i tre-tida.
Det var bygd opp for turistar der ute på Øya.
Og turistar blir fort varme på toppen i sola,
så hatteutvalget var det ingenting å seie på :)
Det gav visse assosiasjonar til pirater
då dette plutselig skjedde då vi sat på båten og venta at den skulle gå..
Ta det heilt med ro, mamma, der var masse redningsvester! ;) |
Fornøgd og med nye, superbillige og superekte ray ban briller ;) |
Slik var faktisk fargen på sjøen! :) |
Jomthien fra sjøen :)
På veg inn til fastlandet begynte det å regne bittelitt..
Pattaya |
Starbucksrast :) |
Etter å ha vore heime og kvilt litt
tok vi turen inn igjen til Pattaya.
Der sjekka vi ut Asia sitt største kjøpesenter..
Og kom ut igjen med nye negler..
Og ingen ferie uten litt knall og fall.
Dagen vart avslutta med eit herleg svalestup,
eit elegant og sakte fall midt på gata i Pattaya.
Det gikk så sakte at eg rakk å tenke rimelig mykje
før eg låg der, så lang eg var:
1. FILLERN! Eg som tenkte å ha kort kjole i bryllaupet på laurdag!
2. Å NEI! NEGLENE!!
3. Ikkje mist 10-bahten eg har i handa!!
4. Eg vil ikkje gå med krykke, eg vil ikkje gå med krykke, eg vil ikkje gå med krykke
-for då er det så slit å skulle ta fly...
(Her er jenta som har tryna på ferie før)
5. Og så i nedoverbakke... e det mulig!!
5. Og så i nedoverbakke... e det mulig!!
6. Å nei! No ser alle meg...
Og det gjorde dei..
To kvartal seinare kom ein bort og lurte på om det gikk bra med meg..
Det einaste menet eg fekk
var ein småsår legg, eit sårt kne og eit sår på lillefingeren..
Neglene vart i redda, 10-bahten behold eg og eg trur ikkje eg treng krykker :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar