onsdag 18. juli 2012

Livet på første klasse

Ein kan seie mykje om Lufthansa.
Eg har ikkje så mykje skryt å komme med, 
men ein ting skal dei ha skryt for.

3 minutt før boarding på første klasse og buisness...

Du er ikkje i tvil når du er prioritert kunde her.
Reiser du buisness eller første klasse med dette selskapet, 
så blir du behandla betraktelig betre
enn dei andre som reiser med økonomi-billett.
Heilt frå du entrar området ved gaten til du landar på destinasjon.

10 minutt før boarding for resten..
Eg gjorde meg nokre tankar då vi stod og venta
på å få komme inn i flyet i Bangkok, 
og eg har gjort meg ein del tankar sidan då.
For eg fekk føle på kroppen kor nedprioritert eg var som kunde.
Eg fekk erfare at det ikkje var mulig å få ein sitjeplass for meg, 
fordi eg hadde ein annan billett
enn dei som hadde altfor mange sitjeplassar.
Eg vart flytta til ein plass eg opprinnelig ikkje hadde sjekka inn til, 
ikkje berre ein - men to gonger, på like mange flyturar, 
utan at dette var noko som dei følte dei trengde be om unnskyldning for.


I tillegg var det mange goder som dei prioriterte kundane fekk, 
som vi på økonomi måtte sjå langt etter.
Dei hadde f.eks. eigen tv-skjerm i setet foran,
så dei kunne velge kva dei ville sjå på
- vi andre måtte dele, og kunne ikkje velge.
Dei hadde plass til å legge seg ned og sove behagelig,
vi andre sat som kyr i ein tilhengar som var litt for liten.

Eg kunne sikkert lista opp både det eine og det andre, 
men poenget mitt er ikkje forskjellsbehandlinga
som Lufthansa stod for.
Poenget mitt er at eg lever livet mitt på første klasse.
Eg har all verdens goder,
som mesteparten av verda si befolking IKKJE har.
Eg får legehjelp når eg treng det,
utan å måtte betale i dyre dommar for det, 
fordi vi har eit velfungerande system her i landet. 
Likevel sutrar og klagar vi over kor dårleg det er..


Eg er ikkje blant dei som tener mest,
men ligg rundt gjennomsnittet i norsk sammenheng. 
Likevel har eg pengar nok til det eg treng og vil, 
det handlar stort sett berre om prioriteringar
når det er noko eg ikkje har råd til.
Eg har reint vatten i springen,
som eg kan drikke utan å verte sjuk.
Eg har til salt i maten, og vel så det.
Eg har til å reise, gå på kino, konsertar,
til å henge med venner og gjere artige ting.


Mi pengekasse handlar om kva eg prioriterer, 
og sett i verda sin målestokk er eg skammeleg rik.
Og vi kan halde lange taler om at prisnivået hos oss er mykje høgare, 
og at vi må tene meir for å kunne leve her.
Men er det egentlig sant?
Handlar ikkje mykje om å skaffe seg duppedingsar som vi "treng"?
Er det ikkje slik at vi vil ha det komfortabelt?
At vi vil vere på første klasse,
i staden for å dele godene med dei som sit stua sammen på økonomi?
At det er meir behagelig å sitte med ryggen til forhenget,
og ikkje tenke på korleis det er der bak
- men berre nyte alt eg har?
Ja, og tenke på kva som kunne vore endå betre då, sjølvsagt...


Eg lurer meg på om eg ikkje hadde vorte rikare
om eg starta å prioritere litt annerleis, 
løfta blikket og ga eit handslag til nokon som treng det...



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar