mandag 16. juli 2012

tilbake til virkeligheta

Ja, då var sommarferien over for denne gong.


Ein sommar der eg har fått leve i varmen,
og opplevd utruleg mykje godt.
Eg avslutta opphaldet i Thailand med ein fridag
der eg fiksa på utsjånaden - i allefall på tærne ;)


Det vart ein LAAAAAANG flytur mellom to menn, 
ein sur polakk og ein grinete brite,
frå Bangkok til Frankfurt.
I Frankfurt var eg så heldig å finne ein ledig benk,
så eg fekk pleie mine flyhovne bein,
 før neste etappe: 
Frankfurt - Bergen
Og la meg oppsummere reisa slik:
Velg ikkje Lufthansa om du ikkje må!


Vel heime i Bergen
venta gode vener
og fineveret.
TAKK OG LOV FOR GODE VENER! :)


Og som forrige blogginnlegg dokumenterar ganske så grundig
vart Rune godt gift og alle hjerter gleda seg på laurdag.
I går var ein skikkelig sløvedag,
der det vart jentepreik og kaffe hos Berit
og film på sofaen på kvelden.


I dag venta kvardagen,
med full mailboks og nok å henge fingrane i.
Det var eit tiltak å krype ut frå dyna,
for det er fryktelig kaldt her i denne byen!


Eg greidde sjølvsagt ikkje å kle nok på meg, 
så eg sat på kontoret og fraus
og drøymde om betre tider..

Og bestemte meg for å avslutte arbeidsdagen
på kaffemisjonen
med noko varmt - og godt - i glaset.
Eg møtte til og med ein god venn der, 
og ingenting varmar så godt som slikt :)


Så det blir nok ein ok haust likevel, 
sjølv om han har starta litt tidleg etter min smak ;)

1 kommentar:

  1. Velkomen attende til Europa, Liv-Helga! Eg kan vel ikkje seie "Til Bergen", for eg er ikkje der.

    Skjønar godt at du frys! Det er godt at det finst strikkaplagg!

    SvarSlett