tirsdag 10. juli 2012

2 døgn til avreise


Eg kjenner reisesjuka har begynt.
Det er berre to døgn til eg reiser frå Thailand, 
og det er med eit visst vemod eg forlet det.

Eg har hatt ein god sommar, 
og eg skulle gjerne hatt eit par dagar til å jobba på bunfargen..
Fokuset på den har liksom berre forsvunne, 
for det har vore så masse anna kjekt å vere med på.
Men litt forskjell har det no blitt... trur eg..


Dei siste vekene har vore svært innhaldsrike, 
og det er mange ting eg kjem til å sakne..
Her er noko av det:

deilige, avslappa kveldsstunder på terassen

Maten :)

Sjømannskyrja! 

Å kunne gå i flippfloppar heile tida!

Fersk frukt!

Fotmassasje - og anna massasje - til ein rimelig penge..
At nokon andre tek klesvasken.... 

Å kunne hoppe ut i bassenget kvar morgon..

treng dette kommentar?

Pattaya beach

Å ha mi eiga sydame..

Strandtur med fine folk

VARME!:)

Å sjå dette oftare enn...
...dette!
Ein organistprest med skikkelig tempo på salmane :)

Bahtbussane!

Den gode stemninga :)

Taket på Royal Garden :)

Saltvattenhår :)
Men aller mest kjem eg til å sakne folka.
Nokre har eg fått jobbe saman med,
andre har eg møtt i fritida.










  


I tillegg har ein alle dei som har vore innom dørene til sjømannskyrkja
denne tida eg har vore her,
eller som eg har fått lov å besøke.
Eg har lært så masse av desse menneskene,
og blitt så glad i mange av dei!
Dei har definitivt gjort mitt liv rikare!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar