søndag 8. juli 2012

Bursdagsfeiring

I dag er det tre veker sidan eg sette mine bein i ei sjømannskyrkje for fyrste gong.
Det er tre veker og ein dag sidan eg kom til Thailand.
Og det er tre veker og ein dag sidan eg møtte Ingrid for fyrste gong.


Ingrid er varm, omsorgsfull, nydelig, morsom, vis, herlig og vakker!
Denne fantastiske dama vart 80 år i går.
Og eg var så heldig å få vere med på bursdagsfest!
Festen skulle vere i Ban Chang,
hos sonen til Ingrid.
Vi kom til ein fantastisk eigedom, 
der det var klart til fest ute i hagen.


Men i det vi skulle til å sette oss til bords, 
åpna himlen slusene 
og fortsatte å halde dei åpne.
Så vi måtte rømme under tak..


Og festen vart så visst ikkje øydelagt av den grunn, 
det vart berre endå triveligare :)




Heldigvis hadde vi tatt ein del bilder før regnet starta :)


Ingrid er vår venn :)


Eg syns dei herligste bildene eg tok denne kvelden var av
Hansi  og Ingrid :)




Dei fleste av oss kom til festen ved starten.
Men Arne var på ei øy og hadde ein vigsel i går,
og på veg tilbake kom eit fryktelig uvêr 
så han sat vêrfast der ei stund.
Solveig, Arne si nydelige frue, heldt kontakta pr.telefon
slik at vi fekk jamnlege oppdateringar om korleis reisa gjekk.

Og vi andre kosa oss medan vi venta :)



Og sidan regnet ikkje stoppa
fekk vi underhaldning frå eit kor av froskar.


Og eg fekk meg ein ny venn
heilt frå Melbourn :)


Og då festen var nesten slutt,
kom Arne endelig fram. :)


Eg må berre få sagt at ein sprekare 80-åring skal vi leite lenge etter, 
og vi andre kan berre håpe å vere halvparten av det Ingrid er når vi når milepælen.
Eg har blitt så utruleg glad i denne dama i løpet av desse vekene,
og ho har på meir enn ein måte blitt eit stor førebilete for meg.

Hurra for deg, Ingrid!
Du er verdens beste 80-åring! :)

Mor og son :)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar