onsdag 4. juli 2012

Synda sin pøl? Nåden sitt spelerom!

Då eg skulle reise til Pattaya vart eg advart både herifrå og derifrå.
Veka før eg reiste var det store overskrifter i nokre av avisene om at nordmenn kom HIV-smitta heim frå Thailand, nærmare bestemt Pattaya. 
Eg fekk beskjed om at eg måtte vere klar over at dette var ein plass der mange har gått til grunne, mange trakk det så langt som å samanlikne det mer Sodoma og Gomorra - du veit, byane som var så fulle i synd at Gud utsletta dei..


Eg var veldig spent på kva som venta meg. Ville eg takle all elendigheta som eg i følge advarslane skulle møte?

Det er sant mykje som blir sagt. Her er det lett å køyre seg på ræva for å bruke eit fint uttrykk. Her er det lett å leve hardt - og forkorte livet.
Men problema dukkar ikkje plutselig opp her - dei kom med heimanfrå.
At det er billig å leve i Thailand når ein har norsk inntekt er sikkert - men alt er kva ein gjer det til. Heller ikkje ein norsk pengepung er utømeleg..

Det er ikkje til å legge skjul på at altfor mange reiser hit og festar vekk alt. Det søte, utsvevande liv er for herleg..

I Thailand er prostitusjon ulovleg. Men dette er eit lovverk som ein lett går rundt med å kalle det barjenter. Det er tusenvis slike barjenter i Pattaya. Det er nesten litt ekstremt å sjå korleis tilstanden er gjennom Walking Street. Og det er vondt å sjå at når jentene er «utbrukt» i barane, så blir dei forvist til beachroaden, der dei sit og ventar på at nokon vil ha dei. Siste stoppestad for mange av disse jentene er berykta Soi 6 - gata eg har fått beskjed om at eg ikkje får gå gjennom åleine, ikkje eingong på dagtid. 


Og så har ein den biten av Thailand som mange av oss har sett skeivt på. Gamle norske menn som finn seg unge, vakre thai-damer. 
Det har vorte nokre samtaler med desse dei siste vekene - og eg har sett både det eine og det andre. Og eg har lært at dette ikkje er slik eg har tenkt om det.
Det tek ikkje lang tid for ein kvit mann å finne seg ei thaidame. Dette handlar ofte om økonomi. Sjukepleiarar ved sjukehusa her tenar ca.16.000 baht i månaden - det er ca. 3200 kroner. Jobbar du som kassadame tenar du kanskje 6000 baht - altså ca.1200 kroner. Det er ikkje vanskeleg å forstå at ein norsk pensjon kan vere fristande!

Det er fort gjort å stå på utsida og dømme. Å fortelle kor forkastelig dette er. Men faktumet er at mange har det bedre saman med sine norske ektemenn enn dei hadde hatt uten. Thaidamene er ikkje dumme bimboer som ikkje veit kva dei gir seg ut på. Det er flotte damer som har bein i nasa, og mange er til og med skikkelig glad i ektemennene sine, og opplever at følelsane er gjengjeldte. Kjærleik er inga synd.
Men ein kan kanskje seie at det er lett å få utløp for syndene sine her i Pattaya, i allefall nokre av dei. Å velge å vere uærleg, stjele, la misbruk overta kontrollen i livet ditt og misbruke andre menneske er ikkje noko problem å få til om du oppsøker det. Men du må faktisk oppsøke det.



Og, ja, eg har sett at det eksisterar. Men eg har opplevd meir nåde her enn nokon annan plass. Her er det ikkje dømmande blikk fordi du er annerleis. Her blir du godtatt for den du er og det er litt kardemommelovaktig her, så lenge du ikkje skadar andre, så bryr ingen seg - i allefall om du set det litt på spissen. Men du får og høyre kor landet ligg - her kjem sanninga i fleisen på deg på dei råaste måtar, utan innpakning og silkehanskar.


Eg har møtt så mange fantastiske menneske her. Mange lever gode liv her. Nokre slit med sitt, men har det greit. Nokre har køyrt seg så på ræva som det går an, og lever frå time til time. Men midt i alt dette møter du eit livsmot som er utruleg. Kanskje er det fordi dei ikkje har greidd å opprett halde fasaden som perfekt, som gjer at dei kan vere så opne og inkluderande? Er det at dei er åpne med at det er sider ved livet dei ikkje taklar, som gjer at dei kan tåle andre sine særheter? At det er meir synd her enn andre plassar kan eg ikkje sjå - men at ein lever meir ærleg her, det ser eg.. 


Draumen om å få gode år på slutten av livet, saman med ei som tek vare på ein, burde heller ikkje vere noko vi rynka på brynene over - så lenge begge pratar samtykker. Korleis kan eg bedømme kva som er eit godt samliv, så lenge det ikkje er mitt?

Og når ein møter nokon som gjev ein annan pengar å leve for, ikkje fordi dei har god råd, men fordi han treng dei meir, så blir det noko som rører ved noko langt inne i meg. Menneska her er rause med kvarandre, her møter du omsorg og omtanke på dei varmaste og mest jordnære måtar!
Eg må seie at det er ei historie i frå Johannesevangeliet som har surra i hovudet mitt dei siste vekene. Om ei kvinne, tatt på fersken i hor - ei synd som  skulle hatt dødsstraff ved steining.
I møte med Jesus får dei som har tatt henne med til han ein irettesettelse som sikkert stikk djupt: «den som er utan synd kan kaste fyrste steinen». Alle gjekk - bortsett frå han som var uten synd - og han viste kvinna nåde.



Det er lett å dømme dei som gjer det som er synleg feil i forhold til alle våre uskrivne - og skrivne - reglar. Det er lett å dømme dei som gjer ting på ein annan måte, for ikkje å snakke om dei som er på ein anna måte enn det vi tenker er normalt. 



Men blir det ikkje ofte at vi ser flisa i andre sine auge, og ikkje ensar to toms planken ein har i sitt eige?
Er det ikkje ofte slik at vi løftar oss sjølve opp ved å rakke ned på andre? 
Eg trur kvinna frå Johannes 8 gjekk heim som eit fullstendig nytt menneske, for ho opplevde at nokon såg henne og ikkje dømde - og samstundes vart møtt med ei oppfordring om å ikkje fortsette ned den veien ho gjekk.
Kva som skjedde med ho vidare står det ingenting om, og kanskje er det eit poeng i det? At det var hennar valg om ho ville fylgje oppfordringa eller ikkje. Uansett vart ho møtt med nåde, og eg trur at ingen som har gått på tryne og møtt nåden i staden for fordømmelse, har gått uberørt vidare.



Ein annen plass i skrifta står det at «Der synda vart stor, vart nåden endå mykje større» - kanskje er det slik at når du ikkje møter fordømming for den du er, eller det du har gjort, men møter sanning og nåde så får det store ringvirkningar. Kanskje blir du rausare mot andre?
Eg trur vi må våge å innrømme synda og alt som gjekk gale, våge å vere ærleg både mot oss sjølv og andre, dersom nåden skal få spelerom nok til å endre liva våre. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar