mandag 2. juli 2012

A beautiful day - again :D


Mandag er som kjent fridag i kyrkja.
Og på fridagar nyt ein fridomen.
Så sjefen inviterte på badetur
og vi var ikkje vanskelige å be.


Ein rimeleg kort køyretur frå Pattaya 
ligg ei militær badestrand.
Her kan du betale for å få vere.


Det gjorde vi
og det var rimelig deilig! :)


Til lunsj fekk eg ein så stor porsjon med fried rice at eg glømde å ta bilde,
men kvepsen som Anne Karin, heretter min store helt, greidde å fange i glaset
måtte eg få bilde av. 

På veg heim 
såg vi faktisk Jomtien i det fjerne.
(stranda/området der vi bur sånn ca.)


Ein dag på stranda er ei utruleg vitamininnsprøyting, 
sjølv om ein kjem heim med saltvatten i håret
og sand mellom tennene..


Vi greidde ikkje å skiljast heilt, 
så vi avtalte at når vi hadde fått dusja og stelt oss litt skulle vi ut og ete middag.
Då var vi på ein veldig koselig restaurant på Walking Street.


Inngangen låg ut mot den bråkete gata, 
men når ein gjekk gjennom
kom ein ut til Pattaya Bay
og det var heilt stille..



Vi som var der til avtalt tid ;) 
Solveig, som kom frå Norge i forgårs, 
hadde forsove seg
og vart derfor ikkje med på bilde..

Begge var enig i at dette var fint...


Eg bestilte svinefilet med soppsaus og rosemarin-poteter.
Det er seriøst det beste måltidet eg har ete her nede, 
og eg har fått utruleg mykje god mat!!


Etterpå gjekk vi på taket på Royal Garden og drakk dessert.
Dei har ein nydeleg mango/ananas-smoothie!
Og no har eg komt vel heim, 
og satt meg på terassen min..
Den har vore full av bygningsrot, 
og i dag hadde dei endeleg fjerna det. 
Så no skal eg ha fem minutt her
før eg finn senga.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar