tirsdag 17. mai 2011

HURRA!


17.mai = lite søvn, tidleg på'an, frokost, venner og vonde føter.
Lite søvn takka vere russ, buekorps og annna tradisjonsbundne lydeffekter.
Tidleg på'an handlar om at morgenprosesjonen startar utanfor soveromsvinduet mitt. Men i år, for fyrste gong sidane eg flytte hit, sov eg over den. Så enten må det ha vore stille (noko det ikkje brukar å vere med eit par hundre russ og eit korps.) eller så har eg rett og slett vore veldig trøtt.

Ein står når ein syng "Ja, vi elsker!"

Venner og frokost høyrer saman. Vi har etterkvart bygd oss opp ein tradisjon med frokost hos meg. I år var det 4.året.


Det er utruleg koselig å ha så masse kjekke folk på besøk! :)


 Vonde føter handlar mest om det som skjer etter frokost. For då skal vi trakke i byn - fyrst skal ein sjå hovedprosesjonen (det heiter ikkje tog i Bergen!).
Ingelin :)

Marianne :)

Mi vakre kusine, Cecilie og ein venn :) (foran fine MTB-en)

Elisabeth Mari :)


Thor Øyvind :) Hurra, hurra, hurra!

Kvifor er ikkje vi nordfjord-jentene invitert?

Kara i kilt e stilig! ;)

Kara uten kilt kan og vere stilige. Rune og Are :)

Tord og Frida :)

Venke :)

Kjenner på et litt anstrengt forhold til han i midten..

Så skal ein finne ein plass å kvile litt..

Jepp, det er noen steder det regner mer enn andre steder..


Vi fikk plass på Kaffemisjonen!!



Og i år som i fjor vendte nokre av oss tilbake til frokostbordet, som no var omgjort til lunsjbord.



Litt slakking på sofaen må til før ein orkar å bevege seg vidare.



Gratulerer med dagen kjære landsmenn!  Håpar din dag har vore minst like fin som min! :)

2 kommentarer:

  1. *hipp hipp* ser ut som du har hatt en super dag til nå :)
    Ønsker deg en fin 17mai-kveld!

    SvarSlett
  2. Hipp hurra! ja, nå er snart denne 17. mai over også! Virker som du har hatt ein flott dag! klem fra Hilde Blomberg

    SvarSlett