lørdag 1. januar 2011

Drømmedama!

Ja, det er meg sjølvsagt!


Du må berre sjå litt godt etter, for innpakninga er litt, vel, god..
Vi har starta eit nytt år og då er det jo tid for ettertanke. Mor mi er tydelig bekymra for meg, at eg i min alder framleis er singel.. for i jula kom det forsiktig frå sofaen: «Liv-Helga, har du tenkt noko på framtida?» 
Kva svarar ein på slikt? 
Eg har ein god del folk rundt meg som prøvar å overbevise meg om at hvis eg berre... ja, då skal eg få sjå..
Eg er rett og slett litt lei av «hvis eg berre..» No har eg fundert litt på ting, og kome fram til følgande:
Vil du ha ei drømmedame alà Trang Fødsel si, så er eg nok ikkje i riktig kategori. 
Eg har ikkje evne til å holde kjeft, men du har ikkje sjanse til å unngå å sjå meg! 


I vår var eg på leir, og då var det ein liten kar, så kort at han måtte stå på ein stol for å sjå meg i augene som formulerte seg minneverdig:
«Du er litt sånn som mamma du..» eg venta i spenning på fortsettelsen, og vart tatt på senga av «sånn, litt tjukk!» Og medan eg kjempa mellom: «du må ikkje seie slikt, for det kan såre folk»- og «takk for at du sa «litt», lille venn!»-talen, så kom bakgrunnen til utsagnet: «men det er veldig bra, for då er du god å klemme på!»



Ein kan ikkje bli verken sint eller såra av noko slikt. Og han har heilt rett, sjølvsagt, eg er mjuk og god å klemme på!
Og det er ikkje min einaste gode egenskap! 


Berre sjå på dette:
  • Eg kan lage mat, og er rimelig god på å finne nødløysingar. Som f.eks. når potetene kokar i stykker på nyttårsafta, då finne eg fram fløte og smør, salt og pepper, og vips så har ein luksuspotetmos i staden for poteter.. Det var ingen som våga å klage!
  • Eg er ikkje langsint, men temprament har eg i bøtter og spann.. men det kan jo og vere ein fordel?
  • Eg likar å reise og å gå turar i marka. Vel å merke er det under forutsetninga av at det er ok sanitærforhold i rimelig nærleik. Men eg greier meg utan fønar, og brukar fornuftige sko.

  • Eg kan synge reint - i allefall dersom eg vil..
  • Eg har eit rimelig stabilt, godt humør, sånn bortsett frå når eg ikkje har det..
  • Eg er ikkje morgongretten - eg berre likar ikkje å snakke før eg er våken...
  • Eg likar å sove lenge, men greier fint å stå opp når eg må - så lenge vekkarklokka på iPhonen virkar!

  • Å sjå sport på TV er heilt fint. Beste løysing over konflikt på TV-fronten er å kjøpe ein tv til!
  • Eg trur eg er ganske god på å sjå andre sine behov, og gjer det eg kan for å hjelpe.. enten dei vil ha hjelp eller ikkje!
  • Eg elskar pauser. Ingenting er meir verdifullt enn å drikke kaffe i sola medan ein pratar med ein venn!

  • Eg har ein fantastisk humor, og hvis du ikkje skjønnar den, då går du rett og slett glipp av noko!
  • Eg likar sjelden ting eg ikkje er god til - som å spele trommer, play station - eller andre ting som krever koordinasjon med presisjon.. 

  • Eg elskar utfordringar - spesielt berg og dalbaner!
  • Eg gledar meg over alle dei små tinga, og forundrar meg over dei store..
Dette er då noko av det som ein går glipp av når ein ikkje satsar på ei drømmedame som meg! Men eg kan jo ikkje liste opp alt, det er jo tross alt ikkje noko kontaktannonse dette her!


Det er ikkje ein menneskerett å finne ein spesiell å dele livet med, og alle familier har ei sprø gammal tante. Nokon må vere dei og - så kanskje er det min plass?

Den gale tanta i USA!

 Om drømmeprinsen, som har ridd seg vill i skogen, ikkje finn veien ut, ja, då får eg håpe at han har niste med seg!
Enn så lenge er eg no her. Og eg har ansvar for mitt liv! Eg skal i allefall kose meg i 2011, sjå det store i dei små tinga, glede meg over morsomme og kjekke ting, gripe sjansar, ta utfordringar og le masse.

2011 blir et bra år! Happy New Year!


3 kommentarer:

  1. Du kan få sagt det!! Godt nytt år Liv-Helga! Ser fram til å treffe deg i bryllaup i Olden te sommaren :)

    SvarSlett
  2. Liv-Helga, takk for tankevekkere!! takk for at du set ord på kva dagane BØR innehalde!! LUKKE er så mykje meir enn "ein å dele framtida med"!!! Du har STYRKE for ein heil flokk med oksar (huff for eit dårleg bilete) - glad du er i livet mitt!!! Ynskjer deg eit knakande spennande 2011!!!!

    SvarSlett
  3. So godt å vete at andre har det på same måten :)
    Eg e familiens *sprø gamle tante*
    Fin blogg du har.

    SvarSlett