lørdag 16. oktober 2010

Om mamma, kjøleskap, magisk slange, sjølvlysande baller og gode venner

Dei siste dagane har vore utfordrande for å seie det på ein fin måte.

Mamma og meg, riktig nok for eit par ti-år sidan...

Mamma fikk hjarteinfarkt på torsdag, kom til Haukeland og vart operert i går. Det tærer på i det vanlige, og blir ekstra tøft når det er knappe veker sidan tante døde. Heile familien har vore på tråden, og det er mykje som må organiserast og ordnast når slikt skjer. Og det "vanlige" livet må jo gå sin gang også.

Eg er jo kjempeglad i både mamma, pappa og søskena mine, og vil gjerne stille opp på alle mulige måtar. Men det er ein del ting ein ikkje kan gjere noko med, så i går var eg ute og kjøpte meg kjøleskap medan operasjonen pågjekk. Det gjekk ikkje å jobbe då likevel, så det var like greit.

Are har fin bil med takluke!

Min gode venn Are var med, og vi hadde ein fin formiddag med el-butikkrunde, utilsikta pruting og endelig eit kjøp. Det var veldig fasinerande korleis servicemedarbeidarane konsekvent henvendte seg til Are, og lurte på kva VI tenkte på... Sjølv etter at han presiserte at det var eg som skulle ha kjøleskapet..

Men det var veldig trygt og godt å ha han med, for eg var ein smule distrahert på grunn av omstendighetene, og kunne ha enda opp med kva som helst... På heimvegen var vi innom butikken for gutter med mange penger, og der såg eg ein gul bil som berre MÅTTE takast bilde av!

GUL BIL!

Etter dette gjekk vi og åt middag medan eg venta på beskjed om korleis operasjonen hadde gått. Det vart jammen biff og dessert på ein fredag ettermiddag, men godt var det.
Og då begynte vi å snakke om ein ting eg møtte i helga, som eg ikkje hadde sett på ca.15-20 år.
Magic snake....

En kan lage ball av det...





Dette førte oss ut på ei jakt etter dette vidunderlige leiketøyet som vi har tilbrakt timar med i barndommen.. og plutselig fekk eg sjå nye sider av Are..



Så kom beskjeden om at operasjonen hadde gått fint og at eg kunne fare opp på besøk. Eg likar ikkje sjukehus, og det er skremmande å sjå menneske du er glad i ligge der i sjukesenga, sjølv om du ser at formen er stigande og alt ser ut til at det blir heilt bra. Og då er det godt å ha gode vener ein kan senke skuldrane, sløve på sofaen, sjå på tv, leike og le saman med.
På vei til Ingelin måtte eg berre teste kameraet, og ta eit bilde av
Løvstakken by night.

..og Tveitevannet. Det er månen, men, eg fikk den ikkje heilt skarp...
Skuldar på utstyret...



En magisk kobra-slange
Magisk brille-slange?
Are leikar med sine sjølvlysande baller....


Rune leikar med Are sine sjølvlysande
ballar...
Det var plutselig litt kaldt.. så då fann samejenta vår reinskinnet..

Rein-lykke for søringen

ja....
Kjenner det er ganske utmattande alt som har stått på, men det er utrulig godt at alt har gått bra. Og eg har fått sjå at eg har mange gode venner som er parat til å stille opp for meg, og det er ei sann velsigning! Eg er utrulig takknemlig og glad for alle tekstmeldingar, telefonar og tilbud som har komt, sjølv om eg kanskje ikkje greier å uttrykke det heilt endå.

onsdag 13. oktober 2010

Lady's Handyman!

I dag har eg gjort mitt beste for å bekrefte gamle kjønnsrollemønster.. Eg hadde nemleg eit innebygd kombiskap (kjøle og fryseskap) som var 30 år, dette hang ikkje igjen på døra, så eg måtte tape det igjen kvar gong eg tok noko ut av eller sette noko inn i kjøleskapet. Og då var tida komen for å kanskje skaffe seg eit nytt..

Problemet er at eg ikkje var interessert i å få eit nytt innebygd skap, eg ville ha eit som er lett å ta fram og reingjere bak. (Ikkje at det kjem til å skje så ofte, men eg likar tanken på å ha muligheta.)
Men då måtte eg bli kvitt det eg hadde før eg kunne kjøpe nytt... Eg måtte i allefall rive det gamle skapet det stod i. Og eg kjende på at her kom eg til kort.. Men så kom Rune, som ein reddande engel, og sa han ville hjelpe meg! Og bildene seier vel sitt om korleis kvelden vart..

feminin vs. maskulin

Når Rune gjer mannfolkarbeidet, så måtte eg gjere kvinnfolkarbeidet,
så det vart prinsefisk til middag og snus og kaffe til dessert.
(eg stod over snusen..)

Første skrue.

Hardt arbeid


Veldig kult lys på skrudingsen.... 

Helt på høyden


Skal tru om naboen sov middag? jaja, ikkje no lenger...

noko tyder på at det var på tide å få det ut..

Det angriper!


Neida, full kontroll!

På kvar vår side av skapet..

Rune i ei kasse

Dei hadde visst ikkje råd til meir tapet..

Rune Electric!

I gangen var ei laus kontakt, som også måtte fikses. Snille Rune tok jobben!
Då tok vi av sikringane, og lukketida vart veeeeldig lang
- og Rune sat ikkje i ro så lenge..

Med blitz såg det sånn ut.. (men då ser du ikkje at det var i mørket)

Heile verktøykassa mi fikk plass i Rune si, og betegninga "Lady's handyman" syns eg passa bra på han,  sjøl om eg ikkje akkurat er ei lady..

Dagens helt, i allefall for meg :)




fredag 8. oktober 2010

Ei reise i livet..

I går starta eg på årets tyngste reise. Bergen - Kristiansund. Ei reise til slektstreff av den dystre sorten.
Fyrst tok eg båten til Selje, og derfrå var det bil.
Når ein har ei søster uten retningssans, så er det veldig greit at ein har GPS.
I vårt tilfelle snakka ho sånn ca. ålesunder og skremte meg meir enn ein gong.

min gode venninne GPS-dama fra Ålesundstraktene
Og når ein er ute og køyrer får ein sjå mykje rart - og eg har reist nokre gongar til Ålesund opp gjennom livet, så dette har eg sett før. Men eg må seie at syns det er beundringsverdig skilting...

her trenge du en bil som går fra 0-100 på 3 sek 

Men kanskje er det litt sånn i livet også? At vi ikkje heilt veit om vi skal gi gass eller stoppe? Eller at vi gir bånn gass rett før vi møter hindringa som gjer at vi må stoppe - om vi ikkje vil utsette oss for stor risiko då..

Som de veit så døde tanta mi forrige fredag. Etter ei tid med sjukdom, kom tidspunktet når kroppen hennar ikkje orka å kjempe lenger. Tante Randi var ei vakker dame, full av liv og glede. Ho oppmuntra alltid og var tydelig glad for å sjå deg når du møtte henne. Eg har aldri før sett min onkel uten henne, dei har vore gift i nesten 45 år og høyrde saman.

Flagget hang på halv stang for tanta mi ved
Kirkelandet kirke i dag
Eg ikkje er så god på dette med sorg. Eg likar det ikkje. Det er vanskelig å forholde seg til. Så helst unngår eg det, fortrenger og undertrykker. Og eg vil helst at alle skal ha det godt, så eg gjer alt eg kan for at dei eg er glad i skal ha det bra. Og då føler eg meg så hjelpelaus når det ikkje er noko eg kan gjere for å ta bort smerten.

Men eg måtte reise i gravferda. Det var i dag. Eg er glad eg var der, sjølv om det var vondt og vanskelig. For det var ein veldig fin avskjed. Og så syns eg det var så trøst i orda som Presten sa: "Sorg er óg eit uttrykk for kjærleiken!" - i 1.Kor.13 seier Paulus: "Så blir dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken." - tenk, Kjærleiken er den einaste krafta som er sterkare enn døden! Tante er vekk, sorga er stor, men minna og kjærleiken lever vidare i oss som har vore så heldige å få møte henne!

På veg heim møtte vi denne solnedgangen - er det dette ein kallar
"måne og sol"?





onsdag 6. oktober 2010

Fram og tilbake og litt til

I dag har eg vore på tur nesten heile dagen.


Fyrst var eg ein tur til Voss, for å snakke om bruk av nynorsk i Trusopplæringa - og utfordringane som er i det. Og å høyre andre sine erfaringar og frustrasjonar.
Det var både eit lærerikt og underhaldande møte.

Eg tok toget både til og frå, so sat der og tenkte på kor fint det egentlig er om hausten. Ja, sjølv om det regnar! Så eg fann fram iPhonen og tok nokre bilder - i farta. Syns dei vart litt fine eg, sjøl om verken kamera eller den bak var heilt på topp..

Sjå kor fine fargar det er då! :)

Men eg måtte jo utnytte tida litt, så eg hadde tatt med meg solid lesestoff. Dei fleste fekk vel med seg at statsbudsjettet vart lagt fram i går, og dette har innvirkning på min jobb, så no tenkte eg at eg skulle prøve å sette meg litt inn i det...

LESESTOFF! Oh Yeah!!
Vel tilbake i Bergen, skulle eg på middagsbesøk til ei venninne. For å komme meg til ho, måtte eg ta bybanen til Nesttun og så skulle ho plukke meg opp der på veg heim frå shopping.
Ho var litt seint ute, så eg vart ståande og vente der i regnet.. og då høyrde eg på julemusikk og såg meg rundt. Og så oppdaga eg dette på baksida av lystavla på bybanestoppet:


Og eg er jo litt nysgjerrig av meg så eg begynte å lese på det som stod, og syns det ser ut som om det ikkje skulle vore slik.. Eller kva tenkjer du?


Skal det vere sånn? Eller var det nokon som burde lest dette bedre?


mandag 4. oktober 2010

Mandagmorgenkaffe

I dag tidlig låg eg i senga og høyrde på korleis regnet slo imot ruta. Eg må innrømme at eg hadde mest lyst til å dra dyna endå tettare rundt meg og "gløyme" at eg skulle på jobb, men, skal ein ha til salt i maten så er det berre å dra seg opp og komme seg avgårde.

Då er det godt å kunne kose seg med litt god kaffe. Og eg fekk ein sånn kjekk kaffedings då eg slutta i Normisjon, og den er til STOR glede - spesielt på ein regntung mandagsmorgon!

Først kaffe og nesten kokande vatten i kolben

Når eg har latt det trekke ca.1 minutt
rører eg litt rundt, setter på lokk med
filter snur det rundt og setter det i trakta.

Så pressar vi ned... sakte... ca. 20 sekund fra topp til bånn
før vi sper

mmmmmm, mandagmorgenlykke i en gul kopp!

søndag 3. oktober 2010

Døden, livet og lammelår..

Det har vore ei veldig emosjonell helg.. Tanta mi som har vore sjuk ei stund, døde fredag morgon. Det var ikkje uventa, men det er alltid vondt når ein mistar nokon ein kjenner og er glad i. Og tankane mine har kretsa mykje rundt dei aller nærmaste, som eg og er glad i! Døden får ein alltid til å tenke over livet - og kva som eigentleg betyr noko.


Men sorgen og gleden er sjelden langt frå kvarandre. Og vi hadde planlagt å ha ein lammemiddag hjå meg i går, og det vart det. Det er fantastisk å få vere i lag med gode venner, med god mat og drikke.


Dagens forrett var: Avocado på salatseng med sitronfreste mandler.

Thor Øyvind på kjøkkenet
Eg har fått god oppdragelse heime og har lært at å skjere opp kjøtet er mannfolkarbeid...

Nokre var meir begeistra enn andre...

Hovedrett: Lammelår, dampa broccoli, steikte grønsaker (sopp, charlottløk og squash), ovnsbakte potetbåter og rødvinssaus.. Det var litt spennande med lammelåret, for steiketermometeret mitt fekk akutt sjukdom, so det vart litt på flaksen.. men det funka!


Sausnebbet mitt er litt rart, og Rune var litt uheldig.. men det
skal han ha, han vaska etter seg!! Det imponerte! :)

Den store styrkeprøva: knallhard is!

Godjentene med godt i glaset..
To av godgutane med godt i skåla..
Men alt godt har ein ende.. så festligheta tok no slutt, men et par av gjestane valgte å overnatte, for i dag tidlig skulle vi synge i Salem med Seraf. Det var veldig kjekt! Men det er litt nedtur å kome heim til tomt hus.... i allefall når husarbeidet ventar...

Dagen derpå 1

Dagen derpå 2

For ikkje å snakke om dagen derpå 3..
Men eg må no seie at skitne gryter og annen oppvask er tegn på noko godt, og det er faktisk ei glede å vaske dei når dei triggar gode minner. Eg er utruleg takknemlig for at eg har gode vennar som eg er glad i og har det kjekt i lag med.