mandag 13. september 2010

Brrrrrrrrrrrrostein!

Kva er vitsen?
I dag fikk eg den forsvunnede koffert levert på jobb, noko som resulterte i at eg måtte dra den med meg heim. Og eg kan berre ikkje fatte og begripe kva som er vitsen med brostein..

Eg kan, med sterkt forbehold, være enig i at det KAN
vere dekorativt!

1. Det er umulig å gå på med høge hælar
2. Det blir spinnglatt når det er vått - noko det ofte er i Bergen..
3. Det er et slit å dra trillekofferten over, for ikkje så snakke om at det er tungt på grunn av at det blir fort ujevnt.
4. Og på grunn av at det er så ujevnt så treng du egentlig nyrebelte for å kjøre på det med bil, du bør i allefall ikkje måtte særlig mykje på do når du skal gjere det.
5. Som oftast manglar det ein stein eller to her og der, og så har vegvesenet lappa litt her og der, gjerne med ein porsjon asfalt, slik at det ikkje er spesielt fint å sjå på heller!
6. For ikkje å snakke om lyden det lagar å dra eller køyre noko over det... Det kan vekke døde!

Men ja, eg kan være med på at det KAN vere fint når det er skikkelig lagt og sola skin og du slepp å dra noko over det, køyre på det, gå på det eller liknande!

søndag 12. september 2010

Rød koffert savnet!!

Eg veit at skal en glede seg over dei gode dagane så må ein ha noko å måle det mot. Og hvis ikkje jorda får regn så blir det inga god grøde. Og at over skyene er himmelen alltid blå..

Eg har sett det sjøl at himlen er blå der oppe..

Men i dag, på vei heim gikk alt strålande heilt til Gardermoen.. Der var det plutselig mykje folk på lite plass, og fullstendig kaos. Og når du kjeme frå et land der folk seier "sorry" bare dei snur seg, og avsluttar alle setningar med "please" eller "thank you" så blir nordmenn både brå og uhøflige!

Etter ein rimelig stressande tur innom tax-freen, så fann eg kofferten, gikk fort gjennom tollen (Såg at ho eine tollaren gjorde mine til å ville plukke meg ut, men det hadde ikkje eg tid til, så eg satte opp tempoet litt til..) og så begynte moroa.



Der var køer lange som vonde år for å få levert frå seg bagasjen, og det var ikkje akkurat folk som hadde gått på smilekurs som satt bak skranken.
Så var det å komme seg gjennom sikkerhetsslusa. Det gikk overraskande greit, og i dag tok eg ikkje med meg ei vassflaske gjennom slik eg gjorde på torsdag. (då slapp eg forøvrig slapp unna med det!) Men eg kjende at eg hadde fått ut varmen..

Så skulle vi på flyet, det tok si tid for cabinpersonalet var visst ikkje der dei skulle være.. Men etter ei stund slapp vi inn. Og då oppdaga eg at det var meg, ein bøling svenskar og bergens stolthet Brann som skulle være med dette flyet. Dei er ganske kjekke disse fotballspelarane..... 

Og etter kvart kom vi fram til Flesland også. Vi kom fram, kofferten min kom IKKJE fram. Det er jo kjempegøy når alt av toalettsaker, kjekke kle, snopet som er kjøpt på tax-free og litt til er i den. Min fine, raude koffert hadde sansynligvis ikkje forlatt Oslo..  Den som var valgt med omhu for å skulle skille seg ut frå alle dei andre, skilte seg virkelig ut frå alle dei andre, men ikkje heilt slik eg hadde tenkt..



Eg må innrømme at eg følte livet viste på alle måtar at det ikkje var på mi side då eg gikk av flybussen og himlen åpna slusene. Eg vart rett og slett nesten litt sur.
Og då er det godt å ha gode venner som ein kan treffe. Seraf hadde sunge i Tabernaklet i dag, så nokre gjekk ut og åt etterpå - og eg fikk være med. 




Og bortsett frå at eg fekk kvitløkssmør og vatten over heile meg, og bada mobilen der, så vart det ein veldig fin kveld med masse latter. Og det vart heldigvis nokre gode klemmar også, så no er eg klar for ny veke - i håp om at det forsvunnede koffert returnerer heil og fin i morgon!

MATVRAK!


Som mange veit, så har eg Cøliaki. Det er betyr at eg bør planlegge meir i forhold til mat, sidan eg ikkje kan få i meg mjøl av bygg, rug, kveite (hvete) eller spelt. På reise kan det være ei utfordring, men mi erfaring er at en skal være fy så uheldig før ein ikkje får mat.

Og et tips til alle med cøliaki: TA MED MARIANNE PÅ TUR! Ho har hatt full kontroll heile tida, ho har laga glutenfrie musliboller som krisemat og har skrive ut ei liste over restauranter som irske cøliakiere har anbefalt. Det er rett og slett heilt utrulig! Eg har anstrengt meg så lite at det er kvalmt, men er utrulig takknemlig for å ha ei slik god og omsorgsfull venninne!!

Og det har vore veldig god service over alt, og veldig god mat. Berre sjå her på noko av det eg har fått:

Lunsj i går var squashsuppe med heimebaka glutenfritt brød! 

Beshoff ligger i O'Connell street

Her fikk eg deilig fish&chips for første gang sia eg
fikk diagnose

I dag gikk vi for italiensk lunsj

Og det var en koselig liten restaurant ved hovedhandlegatam med et inngangsparti
som vi berre har sett maken til på film

I kveld satsa vi på indisk

Og det var rett og slett bare fantastisk!

I går kveld var vi forresten innom en koselig pub, 
der eg drakk noko dei kalla irsk kaffe ;)
Og på tv-skjermen var det ein fasinerande sport som heiter Rugby. Det hadde litt samme effekten på meg som ei trafikkulykke, eg vil egentlig ikkje sjå, forstår ikkje kva eg ser på men greier ikkje å la være. 
I dag kom eg over definisjonen på denne sporten, syns den var litt dekkande ut frå det eg såg i går:








lørdag 11. september 2010

10 totalt unyttige fakta om Dublin! (i allefall meir eller mindre)


I dag har eg vore på skikkelig turistsightseeing med toetasjes grøn buss. Og då har eg lært ett og anna nytt, så her kjeme en liten fakta om Dublin del 2:

1. Dei promoterer veldig the leprechoun, som i følge soga er en liten mannlig alv som lagara gullmynter i bøtter ved enden av regnbogen. Ja, og så er det noko styr med at dersom du fangar han og held han opp ned etter føtene, så blir han ein firkløver..
somewhere under the rainbow..
2. Det irske politiet heiter Garde (dei skrive Garda på bilen, men guiden vår hadde ei lang utgreiing om dette her) Ein politimann heiter Garda, og kvinnelige politibetjenter vart før kalla Ben Garda, som kom frå det galiske ordet for kvinne. Men dette har dei etter påtrykk frå kvinner i politiet fjerna, dei vil nemlig ikkje forskjellsbehandles..

Garda/Garde/Ben Garda?

3. VIKTIG! Irane køyrer på feil side av veien! Dette betyr at sjåføren sitte på feil side av bilen!

Det vare er og blir feil!

4. MGM-løva er oppfostra i Dublin. - og om du lese den setninga, og forstår den, så kjeme du aldri til å glømme den ;)

5. Arthur Guinness og hans frue produserte den nette sum av 21 barn. I tillegg starta han då Guinness-bryggeriet.

En kan trenge noko å styrke seg på med 21 barn!
6. Det Naturhistoriske museet i Dublin blir på folkemunne kalla "The Dead Zoo". Og ligge vegg i vegg med parlamentbygget...


7. The Liffey er elva som deler Dublin i to. Dei seier at på sørsida bur snobben, mens på nordsida bur underklassen. Og einaste grunnen til at ei jente frå sørsida kan gifte seg med en fyr frå nordsida er at ho vil ha igjen veska si....

Nord til venstre, sør til høgre
8. På grunn av at det var skatt på vindu før i tida, så vart vindua mindre og mindre til lenger opp på huset
en kom...


9. The Spier, eller Spike, som den blir kalt på folkemunne skulle settes opp som et millenniumsmerke midt i O'Connell street. Den vart satt opp i januar 2003. Og den er 122 meter høg. I tilfelle den veltar er det viktig å vite kor fort du greier å springe 122 meter.

The Spear/Spike 
10. Sjøl om her er et wax-museum, så betyr det ikkje at det er verd inngangspengane..
Berre sjå kva dei har gjort med mine favorittar blant dei irske menn:

The Edge og Bono, med laaaangt hår!

Larry, heilt ulik seg sjøl!

Stakkars Adam!! 







Dag 2 i Dublin: Fordelen med å være blond.

Eg har riktig nok brunt hår, men må innrømme at til tider er eg ganske så blond på innsida..
Og sånn at det og er sagt; eg kjenner mange som har det motsatt ;)


Det har sine fordeler (og ulemper) med å være en som ikkje tenker så langt før en handlar..
For det første så skal det lite til før eg blir veldig fornøgd. Så når vi finner Starbucks og eg får pleie min såre hals og lett feberheite kropp med en caffemocca, ja då er eg lykkelig lenge.


For det andre skal det ikkje alltid så masse til for å imponere meg.. Eg lar meg fasinere av at nokon kan bevege ei glasskule på hendene på en slik måte at det ser ut som kula lever sitt eige liv.
Eller at nokon lagar ein hund av sand midt i handlegata


For det tredje har eg ikkje heilt kontroll på blikket mitt.. Det har både sine fordeler og ulemper.. Det fører til at ein får kontakt med folk, og det er absolutt ein fordel. Eg har snakka med mange irer takka være min manglande evne til å ikkje møte blikket. Eg får og kontakt når eg vil ha kontakt, fordi eg ser rett på folk. Problemet er når enkelte tolkar det at eg møter blikket deira som en invitasjon til noko eg ikkje meinte å invitere til...  Men mange koslige småsamtaler har det no blitt, så det er vel mest en fordel. Og dette språket -  eg verte heilt mo i knea! Det er bare så vakkert!!

ei av bruene over Liffey by night (tatt med iPhonen)
etter ei samtale med en hyggelig irsk herre
Eg trur egentlig eg konkluderer med at eg lever godt med mine blonde sider, det blir mykje latter og glede av mine feil, og då kan det no ikkje være så ille! ;)

fredag 10. september 2010

5 erfaringsbaserte fakta om Dublin

Det er på tide med nokre erfaringsbaserte fakta om Dublin:

Fakta nr.1: Her har ein gul mann..


Men ingen bryr seg egentig om det er verken rød, gul eller grønn mann, her bare går en. Så på enkelte lyskryss har dei satt opp forklaring:


Fakta nr.2: Det regnar masse her..


Eg måtte jammen ut og kjøpe meg en paraply! Men i motsetning til Bergen, så er klarnar det opp mellom bygene..

Fakta nr.3: (From Lonely Planet Dublin Encounter) "Women outnumber Men in Dublin by 10.000." Det betyr at det visstnok ikkje er den mest ideelle byen for oss damer hvis vi skal på mannejakt.. Men det betyr ikkje at mennene her ikkje gir deg oppmerksomhet ;)



Fakta nr.4:  Når vi er inne på kjærlighet og slikt;  Claddaghringen er en ring der hendene symboliserer vennskap, hjertet kjærlighet og krona lojalitet. Dersom du bærer den med hjertespissen innover er hjertet ditt kapra, men er spissen vendt ut mot fingertuppen betyr det at du er singel...


Fakta nr.5: To Let betyr til leige.. Det gikk litt tid før eg tok 'an kan du seie...

Sår hals og Irish Breakfast

Dag to i Dublin starta kl.06.. Då våkna eg av at det var vanskelig å svelge!
Dèt er det en kalla dårlig planlagt!
Men, eg stod opp og skylte munnen, tok en paracet og la meg igjen..

mitt rosa rom

Kl.8 gikk eg ned til frokost med godt mot, for det føles ikkje såååå ille lenger.
Og frokosten her var veldig god, om enn noko stiv. Litt rart for oss sjølvhjelpe nordmenn å stå å vente på å få eggerøre og bacon servert..

Irish breakfast

Dei hadde ikkje spart på melka i eggerøra, den smakte nemlig råmelkspudding...
No skal eg og Marianne ut på shopping, fikk jo lønn i går kan skjønne ;)
Kanksje finner vi en slik som vi fann på Kastrup?

Fin bil på Copehagen airport ;)