fredag 31. januar 2014

Ei lita oppdatering..

Eg har hatt mykje å gjere dei siste vekene.
Presten reiste heim for godt på tysdag, og det var avskjed på søndag. Og det krever si husmor å planlegge og gjennomføre kyrkjekaffe for eit usikkert antall mennesker som vil seie "på gjensyn" til ein svært populær prest. Men med god hjelp frå nokre fantastiske damer gjekk det bra det også :)
Og denne veka har det vore besøk frå Norge, i kveld er det studentmiddag, i morgon er det Superlørdag med Smårollingene og lørdagsgraut og søndag er det gudsteneste med kyrkjekaffe og styremøte - så det er ikkje noko latmannsliv.(heldigvis!)

Det var rart å komme på jobb på onsdag
uten denne mannen i overetasjen..

Men blogging har det vorte lite av - mest fordi eg har eit blogginnlegg som eg går og tenker på, men som eg ikkje heilt greier å få ned på papiret. Men det kjem - men til då kan eg jo vise litt av kva eg har gjort dei siste vekene:

Eg har baka bollar, brød, rundstykker, kaker...

Eg har leita etter en frisør --og ikkje funne.. enda...

Eg har plutselig oppdaga vakre ting :)

Eg har hatt ei italiensk pause med godt selskap :)

Eg har unna meg litt luksus..

Eg har deltatt på avskjedsgudstjeneste..

Og fått vore med på avskjedsfesten etterpå..


Eg har vandra gatelangs og sett på byen min..
Eg har sett utsikten fra trappene i Vallejo Street
i dagslys :)

Eg har vandra gjennom Chinatown til Castro

Eg har erfart at det ikkje alltid er sol her...

Eg har fått nytt namn...

Eg har funne HAN! ;D

Eg har både gått forbi og køyrt forbi City Hall..

Og eg har laga kjøtkaker..

Eg har i grunnen gjort mykje meir og - men det er vel heller lite interressant å sjå bilder av varegjennomgang, vasking og vaffelsteiking.
No ventar middagskokinga til i kveld - min første student- og au pairmiddag som eg har ansvar for! 
Eg gledar meg! :) (og håpar kjøtakene fell i smak)

1 kommentar:

  1. Lo godt av sjokolademannen :) kom på at eg såg eit matprogram som heiter street food ( eller nåke i den dur) Der var det ei reportasje om ei dame som driv ein foodtruck som heiter liba food truck. Falafelen ho laga såg fantastisk ut, og sikkert åleine ein grunn til å reise til San Fransisco:)

    SvarSlett