søndag 2. februar 2014

Med Bibelen som rettleiar..

Dei siste vekene har eg hatt ei bok på nattbordet som eg har lese med stor iver.
Eg er ein religion-nerd. Og då eg ved ei tilfeldighet ramla over eit YouTube-klipp med Geir Isene som snakka om Scientologien, så fann eg ut at eg måtte kjøpe boka hans.
No har eg lese den. Det var svært interessant.


Det er kanskje ikkje religion i seg sjølv som gjer meg så himla interessert i kva folk trur på, sjølv om det også er interessant. Men det er meir at eg er så fasinert av kva som får folk til å tru. Kva gjer at du trur på nettopp det du trur på? Kva indre mekanismer har slått inn - og kva ytre påvirkning har du vore utsett for?

Vi tolkar livet i lys av dei erfaringane vi har gjort oss. Eg har lest om Geir Isene sine erfaringar, om korleis han havna i det han betegnar som ei sekt, om korleis han har hatt utbytte av scientologien og om korleis dårleg, manipulativt leiarskap til slutt knekte av greina han sat på innan for scientologi-kyrkja.
Det fasinerer meg korleis nokon kan tru på at dei er reinkanerte og uopplyste millionar av år gamle sjeler som opprinnelig kjem frå ein annan planet. Men det fasinerer sikkert like mange at eg trur på min Gud.

Eg leste om korleis Geir Isene slukte det scientologi-kyrkja hadde å komme med, fordi han fann eit rom der han fekk kombinere interessene sine med det å oppleve seg sjølv som eit åndeleg vesen.
Og eg sat der med mine fordomsfulle tankar og undra meg over korleis nokon kunne tru på noko så sært... heilt til eg innsåg at eg har erfart mange liknande mekanismer som dei Geir Isene skriv om, berre at det var innanfor kristelege samanhengar..


Eg har vokse opp i ein trygg, kristen heim. Vi gikk i kyrkja og på bedehuset. Eg vart send på leir for fyrste gong då eg var 6 år. Eg trur det handla meir om at mamma og pappa var på bilferie i Europa med eldste bror min, og dei to andre søskena mine trengte å få nokre fridagar frå ei heller klengete veslesyster. Men der starta altså mitt leirliv, godt akkompaniert av rikelige bestikkelsar frå fridomstørste storesøsken. Eg oppdaga at eg likte leirlivet og gjennom oppveksten vart det mykje av den sorten. Eg fekk venner og eit miljø å vere i, eg fekk oppgåver og utfordringar. Sjølv om eg i ei periode tok fullstendig avstand frå alt som hadde med Gud og Jesus å gjere, så var eg likevel veldig aktiv på leirfronten - heilt frivillig. (Eg var og med på bedehus og i kyrkja, sjølv om det ikkje var fullt så frivillig - eg er jo tross alt ei snill jente ;) )


Eg var aktivt med fordi eg hadde det gøy og trivdes der. Og misforstå meg no rett: Eg er glad for alle leirar eg har vore med på. Eg er takknemlig for alt eg har fått lære der. Eg er takknemlig for alle vennene eg har fått der. Eg er takknemlig for at det leirarbeidet eg fekk vere med på bokstavlig talt redda livet mitt og gjorde meg trygg på at eg er verdifull - uansett kva verda vil fortelje meg.
Eg er takknemlig for at det drives mykje godt barne- og ungdomsarbeid der i dag og, slik at nye generasjonar kan få oppleve det gode eg fekk vere med på.



Eg har og gått ein lang veg innom ulike kristne samanhengar. Eg har opplevd mykje bra, eg har erfart gode fellesskap og å bli oppbygd som menneske. Men eg har og opplevd dobbeltmoral, forventning om bestemt atferd og bestemte meiningar, prestasjonskrav i åndelege disiplinar og åndeleggjering av ting som ikkje burde åndeleggjerast.

Eg har gått mange runder med meg sjølv for å komme dit eg er i dag. For å komme til ein plass der eg er sann mot meg sjølv. Ein plass der eg innser at eg ikkje har alle svara. Ein plass der eg vågar å undre meg over det som står i Bibelen, i staden for å prøve å få det til å passe inn i ein tillært teologisk formel..
Eg er ein plass der eg kan glede meg over at vi har eit mangfold av kristne menigheter, der vi kan finne musikkformer og uttrykksformer som passar ulike typer menneske - for vi er jo ulike! Ein plass der eg vågar å seie at eg er overhode ikkje utlært, og sjansen for at eg vil endre meining om noko ein eller annan gong er påfallande stor.



Men eg er og ein plass der eg reagerer når menneske blir manipulert. Eg reagerer når nokon fortel at dei har "Svaret" eller har funne den "Rette vegen". Kanskje er det realisten i meg som ikkje likar åndeleggjering av ting - eg trur mange synder blir begått med å skape åndelege disiplinar. Å skape forventning om at ein skal føle noko, oppleve noko utanom det ordinære, bli "berørt" ect. kan slik eg ser det bli eit jag etter stadig meir, litt som ein narkoman som jagar etter den ultimate rusopplevinga.. Det betyr ikkje at eg tenker at Gud ikkje kan røre ved menneske på spesielle måtar, fylle ein med følelsar  eller gje svært spesielle opplevelsar! Det trur eg i aller høgste grad Han gjer - men eg trur Han gjer det når Han vil, og når det tener til det gode, ikkje når vi kommanderer.

Eg har opplevd litt for mange settingar der det er forventa at ein skal komme i ei viss stemning eller kjenne på bestemte følelsar, eller så er ein liksom ikkje nok fylt av Den Heilage Ande. Eg trur ikkje Gud opererer slik. Kanskje er det fordi eg har opplevd at Gud oftare taler til meg gjennom heilt vanlige situasjonar og menneske, og ikkje minst gjennom Bibelen, enn Han gjer gjennom det overnaturlige og mystiske..


Det er eit farlig jag å skulle stadig oppnå større åndelige høgder. Ein eller annan gong vil skuffelsen komme. Du var berre menneske. Og hvis du då ikkje har noko meir å bygge på enn x antall berøringer eller overnaturlige opplevingar og kanskje eitt bibelvers eller to, så er det ikkje usansynlig at skuffelsen vil føre til ei truskrise og kanskje også til eit tap av trua. Dersom du berre høyrer på den siste store helten innen det nyaste hotte amerikanske eller engelske kristelige fenomenet, og ikkje høyrer kritisk i forhold til det som Bibelen seier - ja, då kan du fort gå deg på ein smell.


Tru meg, eg har smakt på denne smellen. Eg har vorte så blenda av glitter og strass i kristeleg samanheng at eg måtte langt unna før eg såg at det ikkje var gull som sola skein på. Men heldigvis har eg vakse opp i ein heim der bibelhistoriene både vart fortalde og leste. Eg har fått vere med på søndagsskule der dei var meir opptatt av å fortelle historia slik som den står, enn å tolke teksten slik at den var "ufarleg" for barn eller passa til ein bestemt teologi. Eg har studert kva som står i Bibelen - og det er mykje å lære av å lese denne boka.

Eg har vore heldig og fått god rettleiing frå nokre veldig kloke, gamle damer i sunn, kritisk vurdering av kva som vert forkynt. Dei lærte meg at det er stor forskjell på å ha ein dårleg dag på preikestolen (noko alle av oss som har nærma oss ein slik veit kva er, dersom vi har ein liten smule sjølvinnsikt) og det å bevisst prøve å manipulere tilhøyrarane. Enkelt og greit lærte dei meg at det er viktig å lese i Bibelen, heile Bibelen, slik at du veit om det som blir sagt frå talarstolen stemmer eller ikkje. Det er og einaste måten å finne ut om du trur på det som står i Bibelen eller ikkje.


Mi erfaring er at jo meir eg les i Bibelen, jo mindre skråsikker blir eg. Ofte har eg erfart at dei som er sikrast i si sak, er dei som berre har lest nokre utsnitt gong på gong og som gjerne hoppar over det som er vanskelig. Eg har opplevd at menneske som har rekna seg som kristne heile livet har vorte heilt satt ut då dei oppdaga at samanhengen bibelvers stod i ikkje var som dei trudde, fordi dei aldri hadde lese heile samanhengen men berre høyrt talarar snakke om eit ustnitt av teksten. Eg har til og med opplevd ein teolog som i tala si refererte til "ein vis person som ein gong har sagt" om eit uttrykk som blir ofte brukt i norsk dagligtale - utan å ha fått med seg at den som sa det faktisk var Jesus. Det er faktisk litt greit å kjenne litt til kva som står i denne boka..


Jo meir eg les i Bibelen, jo meir begeistra blir eg. Det er som om denne boka formar meg, den berører meg - og det er snodig at den same bibelhistoria som eg har høyrt og lest hundrevis av gongar kan framleis fortelle meg noko som er aktuelt for livet mitt i dag, noko eg ikkje har sett før.

Eg trur at å kjenne denne boka, å vite kva som står der, gjer meg bedre rusta mot å bli manipulert inn i noko eg ikkje kan stå for på sikt. Det gjer meg trygg nok til å seie at eg veit ikkje svara på alt, at eg treng ikkje vite svara på alt. Den gjer meg åpen for at trua kan ha mange fargar og fasongar, og at min måte å utøve trua mi på ikkje nødvendigvis er den einaste måten å gjere det på. Eg trur det har gjort meg rausare og meir inkluderande, for eg har blitt meir bevisst på kva verdiar som er viktige - og kva som er mindre viktig.



Etter at eg begynte å lytte meir til kva Bibelen seier, enn den siste nye "profeten" frå utlandet, har eg innsett at i møte med Gud får eg lov å vere den kritiske, realisten Liv-Helga. Eg treng ikkje løfte hendene i lovsangen, men eg kan om eg vil. Eg treng ikkje ha dei velformulerte bønnene eller åndsfylte talene. Eg kan vere meg, heile meg, med heile spekteret av følelsar. Eg kan lytte til dei som taler og tenke over kva deie seier, ta til meg det eg treng å ta til meg, sjekke ut det eg er usikker på og eg kan faktisk gløyme det som ikkje stemmer - og det er ganske så befriande! Eg opplever at jo meir eg les, jo mindre handlar det om kva eg skal oppnå - men heller kva eg kan gjere for andre. Og eg får lov å vere undrande til at eg faktisk trur på det Bibelen seier - for det er langt over kva min logikk tilseier at eg skulle tru på.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar