onsdag 5. februar 2014

Helbredelse og stengde dører

Søndag handla preiketeksten om Jesus og den lamme mannen. (Markus kap.2)
Du veit, den historia som fortel om fire venner som ber sin lamme venn mellom seg for å la han komme fram til Jesus. Men når dei kjem fram greier dei ikkje å komme seg inn døra på grunn av alle folka, og som må klatre opp på taket og bryte seg eit hol for å senke den lamme ned framfor Jesus..


Det er ei historie med mange ting ein kan ta tak i. Det er ei historie ein kunne snakka om i dagevis utan å bli ferdig med den. Og den har surra i tankane mine etter forrige blogginnlegg, ja, egentlig sidan før forrige blogginnlegg.

For det er noko med at vennene som kjem der med nokon som treng å få komme fram til Jesus må gå til så ekstreme handlingar som å bryte opp eit tak for å få komme gjennom mengden av folk som får meg til å undre meg.. Kor mange ganger står eg i veien for at nokon som treng å få komme til Jesus får komme til han? Kor mange ganger er eg ein del av eit fellesskap som er meir opptatt av kva vi kan få, enn av å løfte den som treng det fram? Er eg ein som er villig til å gi min plass til nokon som treng den meir?


Er eg ein av dei som er villig til å gå ei ekstra mil med ein venn som treng det? Er eg ein som er villig til å bere ei tung bør og kanskje måtte gå omvegar fordi andre ikkje vil gje rom? Er eg ein som er villig til å ta i eit tak med andre for å løfte den som treng det opp og fram, eller tenker eg at det får dei andre gjere? Er eg ein av dei som er villig til å gå utradisjonelle og kanskje upopulære vegar i kampen for den svakaste?


Og så er det noko med korleis Jesus møter denne mannen. Det er ikkje den fysiske helbredelsen som kjem først. Det er skaden på innsida som er viktigast å reparere. Kanskje har vi noko å lære der også? Kanskje er ikkje kroppen vår det viktigaste? Kanskje er ikkje fysiske plager det farlegaste å leve med? Kanskje er det noko som er viktigare enn å vere sjukdomsfri? Kanskje er det slik at helbredelse kan ha mange former?

Eg har ofte undra meg over at mange er så veldig opptatt av helbreding som ein del av det kristne livet. JA, eg trur på at Gud kan helbrede menneske. Eg har og opplevd at det skjer på veldig ulike måtar. Eg har opplevd at den fysiske helbredelsen har uteblitt og smerten dette ofte fører med seg, særleg for dei som står rundt og håpar..
Og eg har opplevd at blind tru på kva menneske seier om dette kan få fatale konsekvenser.


Eg har møtt menneske som har avslutta livsnødvendig behandling og gått i døden fordi leirarar i kristne samanhengar har erklært dei friske. Eg gløymer ikkje då eg stod på stovegolvet hos ei dame som eg tydeleg såg var sjuk, og då eg til slutt hadde manna meg opp til å spørre om kva som feila ho og fekk svaret: "Dei seier eg har kreft, men i Jesu namn er eg helbreda". Fordi pastoren hadde sagt at ho var frisk avslutta ho all behandling på eit tidlig stadie i sjukdommen og nekta å tru på legane som sa at ho framleis var sjuk.

Eg har sett video-snuttar som er delt med bodskapen om at Gud er god, der ein har filma føter som veks ut eller liknande, der det nesten har vore på grensa til å harselere med det - akkurat som Gud stod for gratis underhaldning. Og eg har undra meg over at enkelte tek pengar for å be for folk gjennom f.eks. forbønnstelefonar, når ein kan så tydeleg lese i Bibelen at dette er noko Gud GIR - og ein kan til og med finne historier om at det straffar seg å ville tjene på det. (eks: 2. Kongebok kap.5)


Men eg trur på fysisk helbredelse. Eg har erfart det.
Eg har opplevd å bli helbreda frå eit svært betent sår i nakken i løpet av få minutt. Ingen kan forklare kva som skjedde - berre at eit sår som burde ta minst tre veker å få fint, vart fint i løpet av to minutt. Men eg har og slite med ein kropp som ikkje ville som eg ville, eg har blitt bedt for og salva og ingenting har skjedd. Det opplevdes som ein stadig større nedtur for kvar gong nokon ba for meg, særlig når dei fortalde meg at NO skulle eg bli frisk. For ikkje å snakke om når eg fekk høyre at eg måtte berre tru nok, så ville det skje!


Så: plutselig, i ein alder av 30 år fekk beskjed om at eg har ein tarmsjukdom. Og som dei fleste andre som får beskjed om at dei har cøliaki i vaksen alder gjekk eg rett i kjellaren. Alt det gode eg ikkje skulle få ete lenger! Så ringde telefonen. Det var niesa mi på 11 år, som har levd med cøliaki heile livet, som ringde og var jublande glad. Eg spurde sjølvsagt litt grettent om ho syns det var bra at tante var sjuk, og fekk svaret: " Ja, for då er eg ikkje lenger åleine!" For meg var det alt eg trengde av helbredelse. Ikkje ein einaste gong etterpå har eg vore lei meg fordi eg har cøliaki. Det er ikkje noko offer å ikkje kunne ete mat med vanleg mjøl i. Sjølvsagt er det gonger eg har følt på at eg er til bry, men det har ikkje betydd noko vesentleg, fordi eg veit at det handlar om å halde seg frisk.


Eg trur at måten Jesus møter den lamme mannen på er noko å ta lærdom frå. Å møte det behovet menneske treng for å bli heil, er viktigare enn å ha bein som fungerer. Å få oppleve tilgivelse er ei viktigare helbredande kraft enn fysiske sår som gror. Dei av oss som har opplevd å få tilgivelse for noko vi har gjort, som vi har trudd at aldri ville bli tilgitt, veit kor stort det er. Kanskje vi heller burde fokusere på det, enn på under og mektige gjerningar? Og kanskje skal vi ta oss eit blikk ut døra, for å sjå om nokon der ute treng å få komme inn - og gje rom til den som treng det? Kanskje skal vi bruke ressursane våre på å bere dei som treng det til Jesus, og la Han få avgjere kva som treng å bli helbreda?  Eg er ganske sikker på at han har bedre oversikt over kva vi menneske treng enn det eg har i alle fall..



1 kommentar: