lørdag 15. februar 2014

Femdagersutfordringa

Faren med å vere med på sosiale-medie-karusellen er at ein kan møte på nokre utfordringar. Denne gongen var det av det hyggelige slaget, der eg vart utfordra til å dele 5 kvardagsbilder i løpet av fem dagar. Det har fått meg til å tenke på livet her i Amerika - om forskjellane og opplevingane.

Første bildet var dette:


Eit tre med mange fargar og som er annleis enn dei fleste andre tre.. Mangfold er definitvt eit sentralt ord når ein skal fortelle om San Francisco. Her finn du mennesker i alle fargar og fasongar, og det er ingen som hever på eit augebryn om du skil deg ut. Amerikanarar leitar etter det positive dei kan seie til deg, og held stort sett kjeft dersom dei ikkje finn noko positivt å seie. (Der er sjølvsagt unntakt, men i 99% av tilfella er dette nokon som kjem frå f.eks. Norge) Folk er ekstremt høflige og hyggelige, og ein glir fort inn i eit mønster av ekstrem bruk av "Sorry!" "Excuse me" "Thank you" og liknande høflige, men veldig positive ord. Det kan virke overfladisk og glatt, men det gjer noko med deg at den som dultar borti deg faktisk seier unnskyld, eller at folk takkar når du slepp dei forbi. Du blir vennligare. Eg blir i allefall det. På denne måten er USA svært annleis enn Norge. Kanskje kunne vår mutte måte å vere på trenge å få nokre fleire "overflatiske" høflighetsfraser som standard.

Det andre bildet var dette:


Det amerikanske flagget som eg heiser kvar dag eg er på jobb. Eg er faktisk her, eg bur her, eg jobbar her. Livet mitt er her. Då eg kom hit var eg klar over at eg ikkje flytta til ein kultur eg kjenner. Mange trur at fordi vi ser mange amerikanske filmar, så kjenner vi den amerikanske kulturen. Men det er mange ting som er ulikt. Her brukar vi sjeldent kode på bankkortet, folk betaler med sjekk, her må vi ha helseforsikring på jobb, her er ingen høgreregel i trafikken og mange jobbar langt over pensjonsalderen fordi dei ikkje har råd å pensjonere seg. Nokre ting er veldig spennande at er forskjellig, nokre ting er beint fram geniale. Livet er veldig annleis på mange måtar, men ikkje alt er like enkelt og rosenrødt som det kan sjå ut på film. Og identitet er noko veldig viktig her - i eit land som består av immigrantar er det viktig å vite kvar ein kjem frå. Eg har enno ikkje møtt ein person som betegnar seg som fullblods amerikaner, dei er enten irske, skotske, kinesiske, svenske, norske eller ein kombinasjon eller noko anna - men aldri heilt amerikanske. Likevel er dei minst like patriotiske for USA som bergensere er for Bergen...

Det tredje bildet var dette:


Ein globus i fart. Eg er på andre sida av jorda enn resten av familia mi og mesteparten av vennane mine. Samtidig lever vi i ei tid der det er forholdsvis lett å halde kontakt. Det er stadig ei lita (eller lang) skype-samtale, ein epost, ein snap eller ein facebookmelding. I tilleg kan ein følge med på kva andre gjer gjennom ulike sosiale medier. Plutselig er ikkje folk så langt vekke likevel - sjølv om ein enkelte dagar skulle ønske dei var nærmare, så ein kunne gi ein klem - eller få ein.

Det fjerde bildet var dette:


Middagforberedelse med gasskomfyr. Eg var så heldig å få lov å ha min nye kollega og min svenske kollega med følge på ein liten middag her hos meg. Eg er så heldig å få lov å ha kollegaer som har blitt venner.  Det er ikkje sjølvsagt. Alle som kjenner meg veit at eg likar å kokkelere og sørge for at folk får mat  - og gasskomfyren er ei utfordring som eg må bli venn med, dvs. eg er må lære meg å bruke gass-steikovnen - og at eg då kan køyre nokre testrunder på kollegaene mine er jo ein bonus!

Det femte bildet var dette:



På sjølvaste Valentines Day er det jo naturlig å poste bilde av den delen av kvardagen som handlar om at jorda skjelv under beina. Enno har det vore behagelig stille her, og eg håpar det fortset slik. Men emergency-bagen og lykta som står på soverommet er ein dagleg påminnar om at det kan fort skje. Det er likevel ikkje noko eg brukar mykje tid på å bekymre meg for, det er jo ingenting eg kan gjere for å unngå det. Men det er ofte slik i livet at vi bekymrar oss mykje for ting vi ikkje kan gjere noko med - og så stjel det energien vår som vi kunne brukt på meir meiningsfylte ting...

Det er vel ei fare for at eg ikkje treng slike utfordringar for å poste bilder på verken det eine eller andre sosiale mediet - men takk for utfordringa - det ga meg nokre refleksjonar over livet her ;)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar