fredag 28. februar 2014

Det overnaturlige møtet

Forrige søndag var det Kristi forklarelsesdag. Då var teksten henta frå Matt.17 og er ein merkelig greie om at Jesus og nokre av disiplane går opp på eit fjell og møter Moses og Elia. For dei som har lest litt i Bibelen så veit ein at Moses og Elia er store skikkelsar i det Gamle Testamentet, men dei levde definitivt ikkje samtidig med Jesus og disiplane - så her er det snakk om noko skikkelig overnaturlig.


Eg likar jo helst det eg kan forklare. Og eg likar å forstå kvifor ting er som dei er. At eg er kristen er ein av dei tinga eg ikkje kan forklare. Eg anar virkelig ikkje kvifor eg trur, men eg gjer det. Og det er ting ved kristenlivet som eg syns er vanskelig. For eksempel når eg møter dei som er litt meir "opp i skyene" med hovudet enn eg er. Når andre kristne forventar at eg skal føle eller reagere på bestemte måtar for å vere "god nok" kristen, då får eg alle piggane ut. Og det er dessverre ein del samanhengar der ein kan kjenne på eit slikt press. Og då føler eg meg lett som Gud sitt litt tilbakeståande og hemma barn.. Heldigvis er eg sikker på at Han er glad i meg akkurat slik eg er. ;)


Men samtidig trur eg Gud kan gje oss både følelsar og reaksjonar som er samstemte med resten av dei som er i rommet. At vi kan ha både individuelle og kollektive overnaturlige opplevingar. Ja, eg har opplevd å vere tilstades på samlingar der ingen har hatt lyst til å gå, og det har vore som om usynlege band vart knytte mellom oss - på ein god måte, og der vi opplevde å være i nærkontakt med noko(n) hellig. Men eg har og opplevd at samme lovsongen har vorte sungen for 11.gang (som var ca.10 gonger for mange) fordi ein jakta på ei stemning - og då begynner vi å gå over i suggesjonen si verd. Det er det ikkje mykje hellig over, sjølv om tanken og viljen bak i utgangspunktet berre var god!


Men tilbake til denne merkelige teksten i Matteus. For eg har gått og fundert på den i løpet av veka. Og det som har slått meg er kor genial Gud er! For Han brukar ikkje det nyaste nye for å vise disiplane som er med på fjellet der kven Jesus er, Han brukar det dei kjenner. Han gjev dei ei oppleving av noko dei kan relatere til, på ein måte som gjev dei ei oppleving av å forstå noko dei ikkje har forstått før. Og så er det noko som skjer i særlege tilfeller - ikkje kvar dag.



Og kanskje er det slik når Gud gjev oss overnaturlige opplevingar i dag og? At det er noko som gjev oss innsikt og forståelse som vi ikkje før har hatt? At det ikkje handlar om å ha bestemte følelsar eller å oppnå noko for å vere best i kristenklassa, men at det handlar om å få ei innsikt som gjer oss trygge på vår eigen identitet som kristne og som alltid viser oss kven Jesus er? At når Gud gjev oss slike ekstraordinære overnaturlige opplevingar, så gjer Han det gjennom ting vi kan forstå og relatere til? Og kan det vere at dei særlege overnaturlige opplevingane ikkje er noko kvardagsleg, men noko som vi av og til treng for å sjå kor stor Han vi går med i kvardagen egentlig er?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar